Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen sokneråd inviterer til jubileumsfest

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 29. september 2021

Laurdag 9.oktober klokka 18:00 inviterer Todalen sokneråd til jubileumsfest i Todalen ungdomshus, saman med årets 50-årsjubilantar. Årets jubilantar vart konfirmert i Todalen kyrkje våren 1971. Det blir festmiddag med påfølgjande kaffe. Det blir ôg litt underhaldning, quiz og loddsal.

Har du lyst til å vere med på årets jubileumsfest, så melder du deg på til Kristian H. Gjeldnes på telefon 909 57 594 innan 1.oktober. 

Søndag 10.oktober blir det hausttakkefest i Todalen kyrkje klokka 11:00. Liturg er Cathrine Grutle medan Ronny Kjøsen er organist. 

Todalen sokneråd ønskjer alle velkomne både på jubileumsfesta og til hausttakkefesta dagen etter. 

Plakaten frå soknerådet kan du lese her: «Invitasjon jubileumsfest 2021»

Publisert: 29. september 2021, 20:45