Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for september, 2021

Vi fann 101 artiklar i dette arkivet.


Triveleg rusletur på Kvennset

Dordi Jorunn Halle Måndag 20. september 2021

Etter to års opphald kunne Sanitetsforeninga endeleg  invitere til rusletur på Kvennset og kaffelag i Sanitetshuset. For det har altså ikkje vore rusletur sidan oktober 2019. På grunn av koronapandemien var det ingen rusleturar  i 2020 og heller ikkje våren 2021, men no er alle fullvaksinerte, og det er greitt å treffast.


Stavgangarane tek turen rundt Bettennesset

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 20. september 2021

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag tek torsdag 23. september klokka 11:00 turen rundt Bettennesset. Parkering ved idrettsplassen. Nista blir innteken på låven til Helge Røv. 


Surnadal kulturhus – «Alt vi har kjært»

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 20. september 2021

Far og dotter Hoem, er på turné saman. 23. september klokka 19:00 kjem dei til Surnadal kulturhus. Ine Hoem og far Edvard har opplevd stor suksess på kvart sitt felt. Edvard Hoem har gleda lesarar over heile landet med sin forfattarskap, og no sist med «Felemakaren» – ein roman som også har sterke todalsinnslag. Og dotter Ine har, med songar som «Jeg vil aldri hjem», gjort stor suksess med sin smakfulle visepop.


Søya/Todalen J10 til Kristiansund

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 20. september 2021

I dag har Søya/Todalen sitt J10-lag vore i Kristiansund og spela to fotballkampar. Første kamp var mot Nordlandet på Kunstgressbanen, medan kampen mot Dahle gjekk på NEAS arena. Dei 11 jentene var heldige med vêret, nemleg kjempefint haustvêr med sol, når dei tok turen til Kristiansund for å spele to kampar på ein dag. 


Onsdag: Senioruniversitetet med fokus på smertemysteriet

Jon Olav Ørsal Sundag 19. september 2021

Onsdag 22. september kl 12.00 inviterer Senioruniversitetet til møte i kinosalen i Surnadal kulturhuset.  På programmet denne dagen står eit interessant og aktuelt foredrag med Audun Aas om smertemysteriet.  Audun Aas, forfattar av «Smerteboken – Frå vondt til betre», vil i foredraget samanfatte moderne kunnskap om og forståing av fenomenet smerte, retta mot tilhøyrarar utan helsefagleg bakgrunn.


To todalingar i «kongerekka» i Torvikbukt 6 topper

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 19. september 2021

I går gjorde Erik Kårvatn eit kjempeløp i Torvikbukt 6 topper, og skrieiv seg dermed inn i den såkalla «kongerekka», i det som blir kalla Norges tøffaste halvmaraton. «Kongerekka» er dei 10 beste tidene gjennom alle tider, i Torvikbukt 6 topper si historie. Løpet vart arrangert for første gong i 2004. I fjor var det Kristoffer Nordvik som gjorde eit kjempeløp og skreiv seg inn i «kongerekka». 


Kjempetid av Erik Kårvatn i 6 topper Torvikbukt

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 18. september 2021

6 topper Torvikbukt, som vart arrangert i dag, for attande gong sidan 2004, er kalla Norges tøffaste halvmaraton. Erik Kårvatn gjorde eit kjempeløp og sprang inn til beste juniortid gjennom tidene, og den 7. beste tida som nokon gong er oppnådd i løpet si historie. Erik vann juniorklassen og vart totalt nummer 4 i løpet, i sterk konkurranse med mange andre sterke utøvarar. Dermed er Erik inne på den såkalla «kongerekka», som er dei 10 beste tidene som er oppnådd gjennom historia i 6 toppar Torvikbukt. 


Anleggsarbeid og innstilte avgangar på rute 46 Kvanne Rykkjem

Jon Olav Ørsal Laurdag 18. september 2021

Måndag 20. september startar anleggsarbeidet med sikring av ferjekaiene på strekninga Kvanne- Rykkjem.  Det vil medføre nokre endringar både på ferjerutene og på bussruta for siste avgangen for Fram Ekspress rute 902 frå Molde til Surnadal.


Rusletur med kaffelag

Dordi Jorunn Halle Laurdag 18. september 2021

Todalen sanitetsforening inviterer til KløverRUSLEtur måndag 20. september. Oppmøte ved Sanitetshuset kl. 11:00, og så blir det rusleturar i nærområdet på Kvennset.


Lokal markering av eldredagen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 17. september 2021

Fredag 1.oktober markerer Eldrerådet og Surnadal Pensjonistlag den internasjonale eldredagen i Surnadal kommune. Først blir det foredrag om digitaliseringa innafor eldreomsorga. Dette skjer i Svorkasalen på Surnadal kulturhus klokka 13:00. Etterpå er det middag på Thon Hotell Surnadal. Det er montert teleslynge i Svorkasalen. 



Jamn kamp for Søya/Todalen G9

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 17. september 2021

Torsdag kveld spela Søya/Todalen sitt G9-lag heimekamp på Søyabanen mot Tingvoll G9. Det var litt «duskregn» under kampen, men det såg ikkje ut til å påverke spelarane sin innsats nemneverdig. Så det vart ein velspela og jamn kamp publikum fekk sjå.