Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Jamn kamp for Søya/Todalen G9

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 17. september 2021

Torsdag kveld spela Søya/Todalen sitt G9-lag heimekamp på Søyabanen mot Tingvoll G9. Det var litt «duskregn» under kampen, men det såg ikkje ut til å påverke spelarane sin innsats nemneverdig. Så det vart ein velspela og jamn kamp publikum fekk sjå. 

Stor innsats og mykje bra spel. Foto: Anja Nordvik

Kampen var jamn med mykje bra spel. Laga skifta på å vere i føringa i målprotokollen, men heimelaget trekte det lengste strået til slutt, og kunne kontatere at det vart ein knavv seier da kampen var over. 

Stor sjanse! Foto: Anja Nordvik

Takk til Anja Nordvik for info og bilete frå kampen!

Publisert: 17. september 2021, 05:27