Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Onsdag: Senioruniversitetet med fokus på smertemysteriet

Jon Olav Ørsal Sundag 19. september 2021

Onsdag 22. september kl 12.00 inviterer Senioruniversitetet til møte i kinosalen i Surnadal kulturhuset.  På programmet denne dagen står eit interessant og aktuelt foredrag med Audun Aas om smertemysteriet.  Audun Aas, forfattar av «Smerteboken – Frå vondt til betre», vil i foredraget samanfatte moderne kunnskap om og forståing av fenomenet smerte, retta mot tilhøyrarar utan helsefagleg bakgrunn.

Billett kr 200, som og inkluderer kaffe med noko attåt.  Medlemmane i pensjonistlaga i Surnadal og Rindal er også inviterte til møtet.  Her kan du laste ned plakaten for utskrift.

Publisert: 19. september 2021, 20:00