Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Triveleg rusletur på Kvennset

Dordi Jorunn Halle Måndag 20. september 2021

Etter to års opphald kunne Sanitetsforeninga endeleg  invitere til rusletur på Kvennset og kaffelag i Sanitetshuset. For det har altså ikkje vore rusletur sidan oktober 2019. På grunn av koronapandemien var det ingen rusleturar  i 2020 og heller ikkje våren 2021, men no er alle fullvaksinerte, og det er greitt å treffast.

Her er turfølget på tur oppover byggefeltet i Sissigrenda. Foto: Marit S S

Spreke turgåarar: Frå venstre: Tor, Ingrid, Reidar. Foto: Marit S S

Veret var litt grått og med nokre få regndråpar, men eit stort turfølge la ut på tur. Ingrid på 95 bestemte turruta; det vart tur utover til Sissigrenda for å sjå på nye hus i byggefeltet og deretter ein sving nedom Småbåthamna. Ein fin luftetur!

Etter trimturen var det duka for kaffelag. Her vart det servert wienerstong og bollar med ost og nyrørt tyttebærsyltety og heimelaga jordbærsyltety – kjempegodt!

Maren gratulerer Bernt med 90-årsdagen! Foto: Dordi J H

Leiaren i Todalen sanitetsforening, Maren Ansnes, kom med blomster for å heidre to jubilantar. Første Bernt som rett og slett fylte 90 år i dag! Bernt er ein hendt kar som har laga mange fine gevinstar til Sanitetsbasarane opp gjennom åra. Han fekk stor takk og roser frå Maren, og sjølvsagt vart det også gebursdagssong.

Ingrid fekk også roser frå Sanitetsforeninga og ein rask, god klem med Maren. Foto>: Dordi J H

Ingrid fylte heile 95 år i august! Ho har støtta opp om arbeidet til Sanitetsforeninga i alle år og delteke på mange rusleturar. Ho fekk sjølvsagt også blomster og gode ord frå Maren. Både Bernt og Ingrid er spreke og bur heime.

Litt underhaldning vart det også, Tor las eit artig sjølvskrive dikt om ein gammal slåttekar som etter stor innsats fekk til «eit kaninfor». Medan Reidar fortalde litt eldremiddagen som starta opp i mars 1990 og vart avslutta etter 25 års drift sommaren 2015. Det var eit svært populært tiltak for dei eldre i bygda. Dei som fekk i gang eldremiddagen var Jon Lunde, Olina Halle og Jenny Kvendset. Ingrid som i dag fekk roser, var ein av kokkane. 

Kari, Åse og Arndis stod for serveringa. Foto: Dordi J H

Det var kløverturgruppa som arrangerte rusleturen med kaffelag og bursdagsfeiring. Seinare i haust har omsorgsberedskapsgruppa planar både om å servere lunsj og middag.

Så er det berre å håpe at koronapandemien gir seg, så det kan bli fleire rusleturar, kaffelag og sosialt samvær i trygge rammer.

Fleire bilete:

Ute på tur! Fremst Arndis og Ingrid. Foto: Dordi J H

Triveleg stund rundt borda i Sanitetshuset. Foto: Marit S S

Tor, Reidar og Marit. Foto: Dordi J H

Publisert: 20. september 2021, 20:32