Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søya/Todalen J10 til Kristiansund

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 20. september 2021

I var Søya/Todalen sitt J10-lag vore i Kristiansund og spela to fotballkampar. Første kamp var mot Nordlandet på Kunstgressbanen, medan kampen mot Dahle gjekk inne i NEAS arena. Dei 11 jentene var heldige med vêret, nemleg kjempefint haustvêr med sol, når dei tok turen til Kristiansund for å spele to kampar på ein dag. 

Første kampen, mot Nordlandet, vart ein jamn kamp frå første spark på ballen, og til dommaren bles i fløyta for siste gong. Mykje godt spel og stor innsats frå båe lag gjennom heile kampen, og vart ein spennande kamp for alle som var der og såg kampen. Da dommaren bles av kampen hadde heimelaget scora eitt mål meir viste resultattavla, så det vart eit knapt tap i første kamp for Søya/Todalen J10. 

Klar til kamp mot Dahle i NEAS arena. Foto: Ann E. Stenberg

Andre kampen var mot Dahle inne i NEAS arena. Dette vart og ein jamn kamp, men det var heimelaget som greide å utnytte sjansane sine best og var mest effektive framfor mål. 

Så trass i to gode kampar spelemessig vart utteljinga i poeng heller dårleg, men jentene fekk verdifull erfaring gjennom å få spele mot to gode lag, som dei kan ta med seg vidare i haustsesongen. 

Kampen er i gang. Foto: Ann E. Stenberg

Takk til Ann Elin Stenberg for informasjon og bilete frå kampane i Kristiansund. 

Publisert: 20. september 2021, 05:44