Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for september, 2021

Vi fann 101 artiklar i dette arkivet.


Hausttur til Igltjønna for stavganggruppa

Jon Olav Ørsal Måndag 13. september 2021

Torsdag 16. september inviterer Surnadal pensjonistlag, stavangsgruppa til tur til Igltjønna i Rindal.  Rundt Igltjønna er det eit fantastisk flott friluftsanlegg det det ligg til rettes for fleire typar aktivitetar.  Her kan du gjera fleire val – mellom anna ein tur etter stien rundt Igltjønna. Elevar frå Surnadal vidaregåande skole vil også bli med på turen.  […]


Stortingsvalet i gang!

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 13. september 2021

Da er Stortingsvalet 2021 i gang, òg i Todalen. Stemmelokalet i Todalen er i år lokalisert i lokala til Todalen barnehage. Stemmelokalet opna dørene klokka 12:00 og vil halde ope fram til klokka 20:00 i kveld. Det er i år totalt 235 personar, 130 menn og 105 kvinner, som har stemmeerett i Stortingsvalet i Todalen krins. På grunn av koronaen har folk vore oppfordra til å førehandsstemme før valdagen, så det er grunn til å tru at mange allereie har stemt. Da vi var innom stemmelokalet rett etter opning, var det like vel godt tilsig av folk som skulle stemme. 


Digitalisering av trimbøkene

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 13. september 2021

Frå 1.oktober blir dei tradisjonelle trimbøkene på dei 11 trimpostane til Todalen Idrettslag digitalisert. Det vil seie at frå da av kan ein laste ned ein app som heiter Trimpoeng for å registrere trimturane sine. På (Løfta på Kvennset, i Gunnøya og på Haukarsteinen) vil det like vel, ei tid framover, vere mogleg å registere seg på «gamlemåten», ved å skrive namnet sitt i trimboka. I staden for den tradisjonelle trimboka, vil det no ligge ei bruksanvisning som fortel deg korleis du lastar ned appen, registerer deg og sjølvsagt korleis du registrerer turen. 


«Skumringstimen» på Surnadal kulturhus

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 13. september 2021

Torsdag 16.september klokka 14:00, kjem Teatret Vårt og skodespelarane Astrid Overaa og Peter Drabløs til Surnadal kulturhus, med teaterforestillinga «Skumringstimen». Da ei av målgruppene til dette teaterstykket, er dei som har hausta mest erfaring i det jordiske livet, og for å nå denne gruppa, har Surnadal kulturhus valt å prøve med «ettermiddagsframsyning» denne gongen. 


Presenterte nye konfirmantar for 2022

Jon Olav Ørsal Sundag 12. september 2021

Det er ikkje så mange vekene sia vi hadde konfirmasjonsgudsteneste for årets konfirmantar, men i dag fikk vi helse på neste års konfirmantar i Todalen kyrkje.  Det var vikarprest Cathrine Grutle som heldt dagens gudsteneste og som skal vikariere i Todalskyrkja iallfal til nyttårs og kanskje fram til sumaren 2022. 


Kløvertur til Hjellnessetrene, blir du med?

Dordi Jorunn Halle Sundag 12. september 2021

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 13. september til Hjellnessetra. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.


Hydro Cup 2021 med lokal deltaking

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 11. september 2021

I dag vart Hydro Cup 2021 arrangert på Sunndalsøra. Vanlegvis er blir Hydro Cup arrangert frå fredag til søndag på våren, men på grunn av koronasituasjonen, vart cupen først utsett, og sidan redusert til ei eindagarsturnering. Kvass/Ulvungen-Søya/Todalen sitt G12-lag var eit av dei mange laga som deltok under årets cup. 


Kvalifiserte seg for VM og Thailandtur under Molde 7 topper

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. september 2021

Kristoffer Nordvik sikra seg 3-plassen og dermed blir det nok kvalifisering til VM-deltaking i Thailand i november.  Etter kanonsterkt løp under Molde 7 topper Ultra der han laåg på 2.-og 3- plass gjennom heile løpet vart det ved målgang på området ved Romsdalsmuseet til slutt ein 3.-plass.


Sjøulken – selde ferske delikatesser frå havet

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 11. september 2021

I dag hadde Sjøulken (Johan Birger Rangnes) teke oppstilling utanfor Matkroken Todalen for å selje ferske delikatesser frå havet. Noko av det han selde var sjølvfiska og andre ting hadde han fått tak i frå andre fiskarar/fangstmenn. Johan Birker kunne fortelje at han tek sikte på å ha utsal i Todalen kvar månad framover, så da ser det ut til å bli mogleg å få kjøpt fersk sjømat i tida som kjem. 


Tilbod om 3. dose til pasientar med særleg svekka immunforsvar

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 11. september 2021

Surnadal kommune vil no tilby 3. dose til pasientar med særleg svekka immunforsvar. Dette er i tråd med regjeringa si beslutning om å tilby 3. dose til pasientar med alvorleg svekka immunforsvar, ønsker FHI at kommunane no informerer om dette avgrensa tilbodet.  


Fotballkamp på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 11. september 2021

Måndag 13.september klokka 18:00 spelar Kvall/Ulvungen-Søya/Todalen G12 kamp mot Dahle frå Kristiansund. G12 spelar i 7-er serie og det er to todalingar med på laget. Det blir open kiosk der dei kan lokke med bakels med graut, kaffe, brus, sjokolade, is og potetgull. Så her er det mogleg å ta ettermiddagskaffen på måndag!  


Stavgang til Kvenndalen

Sverre Kjølstad Torsdag 9. september 2021

Fra tidlig morgen var det lite håp om godvær for stavganggruppa. Imidlertid varslet yr om oppholdsvær fra kl. 09.30, og det skulle vise seg at de hadde nesten rett, for da klokka nærmet seg 10.00 tok regnet slutt. Riktignok var det skodde langt nedover fjellsidene, slik at utsikten uteble. Vi fikk likevel en fin tur, og kunne kose oss med kaffe og noe å bite i under den fine gapahuken ved parkeringsplassen. Slik som værforholdene var tidlig på dagen er vi godt fornøyd med 17 deltakere. Vi får trøste oss med at mye regn gir håp om lavere strømpriser utover høsten.