Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sjøulken – selde ferske delikatesser frå havet

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 11. september 2021

I dag hadde Sjøulken (Johan Birger Rangnes) teke oppstilling utanfor Matkroken Todalen for å selje ferske delikatesser frå havet. Noko av det han selde var sjølvfiska og andre ting hadde han fått tak i frå andre fiskarar/fangstmenn. Johan Birker kunne fortelje at han tek sikte på å ha utsal i Todalen kvar månad framover, så da ser det ut til å bli mogleg å få kjøpt fersk sjømat i tida som kjem. 

Frå torsdag – laurdag komande veke skal Johan Birger, saman med andre lokalmatprodusentar som Lia gard, Vårpå og Bian honning delta på varemesse i Røtet i Surnadal. Messa blir arrangert av Byggmakker Surnadal, Hageland Surnadal, Sveen Auto AS, Rørsørvice AS og Trollheimen Treningssenter. 

Vareutvalet til Sjøulken er: 

  • Hvalkjøtt – frå Hopmark Havfiske
  • Torskeskiver naturell – frå Strømsholm
  • Bacalao klippfisk – frå Strømsholm
  • Klippfisk Loins – frå Strømsholm
  • Klippfisk skinn og benfri – frå Strømsholm
  • Gammelsalta sei (5 kg.) – Frå Veidholmen fisk
  • Lettsaltet torsk – frå Strømsholm
  • Røkt torsk – frå Strømsholm
  • Lettsaltet uerfilet – frå Strømsholm
  • Torskefilet beinfri – frå Strømsholm
  • Kveiteskiver – frå Strømsholm
  • Kveitefilet – frå Strømsholm
  • Breiflabbfilet – frå Stømsholm
  • Seifilet skinn- og beinfri – frå Strømsholm
  • Krabbeklør – frå Sjøulken
  • Fylte krabbeskjell hvitt kjøtt – Kongshaug krabbe
  • Sjøkreps fryst rå små – frå Sjøulken
  • Sjøkreps fryst rå medium – frå Sjøulken

Johan Birger og Sjøulk tek òg i mot bestillingar på telefon/SMS 952 13 473 eller mail til johan.rangnes@outlook.com. 

Publisert: 11. september 2021, 12:19