Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for september, 2021

Vi fann 101 artiklar i dette arkivet.


«Friluftslivets uke» i Surnadal blir på Tjønnmyran

Jon Olav Ørsal Tysdag 7. september 2021

4.-12. september blir «Friluftslivets uke» markert med arrangement over heile landet. I Surnadal inviterer Todalen idrettslag i samarbeid med kommunen til friluftstreff for store og små ved gapahuken på Tjønnmyran onsdag 8. september kl. 18.00. Det er meldt dårleg vêr, men det blir arrangement uansett, så ta med regntette klede og vanntette sko/støvlar.  


Regjeringa foreslår at Trollheimen blir nasjonalpark

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 7. september 2021

I ei pressemelding frå Regjeringa, via NTB, blir det opplyst at Trollheimen landskapsverneområde er foreslått omgjort frå landskapsverneområde til nasjonalpark. Det er Miljø- og klimaminister Sveinung Rotevatn (V) som er ansvarleg statsråd for nasjonalparkane som opplyser dette til NTB. 


Daud elg i ekkerkanten

Jon Olav Ørsal Tysdag 7. september 2021

Under slåttaarbeid på Reitan vart det funne ein daud elg i ekkerkanten.  Det ser ut til å være eit ungt dyr som har har sjølvdauda ganske nyleg, og elgen ser ikkje ut til å være skadd på nokon måte.


Kløvertur i Toåa tursti og til Tjønnmyran

Dordi Jorunn Halle Måndag 6. september 2021

Dagens kløvertur var den 4. denne haustsesongen, og alle fire turane har gått i godt ver sjølv om det har vore utruleg mange regnversdagar denne perioden. Heldige med veret så langt altså!


Kvenndalstur for stavgangruppa

Jon Olav Ørsal Måndag 6. september 2021

Torsdag 9. september er det tur til kvenndalen som står på programmet for stavganggruppa i Surnadak Pnesjonistlag. Det er oppmøte attmed bommen ved Kvennbø for samkjøring derifrå.  Oppmøte til vanleg tid kl 11:00, melder stavganggruppa.   


OPPDATERT – Hund er heime att

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 5. september 2021

Da meldee Politiet at eigar og hund er gjenforeint og at saka dermed fekk ein lykkeleg slutt. Det var på tidleg ettermiddag at Politiet etterlyste eigaren av ein hund som var teken vare på. 


Kløvertur til Tjønnmyran

Dordi Jorunn Halle Sundag 5. september 2021

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 6. september til Tjønnmyran. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00.


«Team hit and hope» til topps på Mo

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 5. september 2021

«Team hit and hope» med Rune Lønnum og Kari Lise Kongshaug frå Kristiansund og Omegn Golfklubb gjekk til topps i «Svorka Mini Maraton 2021». Det var Surnadal Golfklubb som stod som arrangør av turneringa på Surnadal golfpark på Mo laurdag. Turneringa var ei såkalla parturnering og vart spela 3 rundar av 9 hål. 


Kl 11: Gudsteneste i Todalen kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 5. september 2021

Todalen sokneråd fortel at det blir gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 12.september klokka 11:00. Liturg er Cathrine Grutle og Ronny Kjøsen er organist. Under gudstenesta vil det bli presentasjon av neste års konfirmantar i Todalen kyrkje.


Triveleg å treffast til Fredrikkekaffe

Dordi Jorunn Halle Laurdag 4. september 2021

Laurdag ettermiddag kunne Todalen sanitetsforening endeleg invitere til strikkekaffe i Sanitetshuset. På grunn av koronarestriksjonar har det vore eit langt opphald for strikkekaffien; forrige samling var 7. mars 2020, altså ein pause på nesten 1 ½ år.


Første frostnatta er ein realitet?

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. september 2021

Is på bilruta i dag tidleg er eit teikn på at hausten er komen – og vi må rekne med å bli påminna om dette oftare og oftare.  At det er is på frontruta betyr vel ikkje at gradestokken abolutt har vore over på minussida, men iallfall ganske nær. 


To med folkeregistrert adresse i Surnadal kommune smitta

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 3. september 2021

To personar med folkeregistrert adresse i Surnadal kommune, har fått påvist koronasmitte. Båe oppheld seg for tida på andre stadar i landet, og blir tekne hand om av helsevesenet der dei oppheld seg, opplyser kommuneoverlege i Surnadal kommune, Bjørn Buan til Driva.