Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur i Toåa tursti og til Tjønnmyran

Dordi Jorunn Halle Måndag 6. september 2021

Dagens kløvertur var den 4. denne haustsesongen, og alle fire turane har gått i godt ver sjølv om det har vore utruleg mange regnversdagar denne perioden. Heldige med veret så langt altså!

Velfortent kaffipause på Tjønnmyrane. Foto: Dordi J H

Måndag 6. september gjekk turen frå Gammelfabrikken opp Gammelfalla og opp på Tjønnmyrane. Triveleg kaffepause i gapahuken før retur etter allmannvegen og Gammelfalla nedatt. 12 deltakarar var med på turen.

Måndag 30. august var det kløvertur i Toåa tursti. 14 deltakara deltok på turen; turstien er eit turmål som passar for alle. Triveleg å vandre langs elva og ta pause i Gunnøyan eller ved Båthølen.

I Toåa tursti. Frå venstre: Synnøve, Jorunn, Roger, Helga, Sigrun, Åse, Eli, Jean, Helen, Dordi, Kari. Foto: Jorunn H

Kjekt å treffast! Frå venstre: Sigrun, Åshild og Helga. Foto: Jorunn Ø.

Måndag om ei veke er det plana å ta turen opp til Hjellnessetrene. Vi får håpe på godver da, og!

Fleire bilete:

Rundt bordet: Eli, Åse, Dordi, Jean, Kari, Synnøve. Foto: Jorunn Ø.

Kjekt med fin rasteplass. Foto: Dordi J H

Typisk kløvertur – prat og trim! – altså kjekt med «brei veg»! Foto: Dordi J H

Først publisert: 6. september 2021, 21:04 - Sist oppdatert: 7. september 2021, 07:55