Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Første frostnatta er ein realitet?

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. september 2021

Is på bilruta i dag tidleg er eit teikn på at hausten er komen – og vi må rekne med å bli påminna om dette oftare og oftare.  At det er is på frontruta betyr vel ikkje at gradestokken abolutt har vore over på minussida, men iallfall ganske nær. 

Slik er det faktisk i dag, for gradestokken her på huset viser minimustemperatur på + 2 grader i natt, og det same gjeld internettbaserte temperaturmålarar rundt i bygda – den «kaldaste» viser akkurat +/-0 tidleg på morgonkvisten i dag.  Men under spesielle forhold kan det faktisk fryse til is, sjølv om det er varmegrader. Det finn du forklaring på her!

Publisert: 4. september 2021, 08:45