Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Presenterte nye konfirmantar for 2022

Jon Olav Ørsal Sundag 12. september 2021

Det er ikkje så mange vekene sia vi hadde konfirmasjonsgudsteneste for årets konfirmantar, men i dag fikk vi helse på neste års konfirmantar i Todalen kyrkje.  Det var vikarprest Cathrine Grutle som heldt dagens gudsteneste og som skal vikariere i Todalskyrkja iallfal til nyttårs og kanskje fram til sumaren 2022. 

Neste år blir det to konfirmantar i Todalen kyrkje –  Nora Kårvatn og Sjan Allan Halle – som vi begge var presentert for under dagens gudsteneste og som begg tok del i tekstlesinga under dagens gudsteneste.  Dei to får vi nok sjå meir til i kyrkja gjennom vinteren – fram til konfirmasjonen som er planlagt i mai 2022.

10 eksemplar av Norsk salmebok var gåve som Maren Ansnes overrekte på vegne av Todalen Sanitetsforening. Foto: Jon Olav Ørsal

I dag var og ei overrasking under gudstenesta, for under kunngjeringane troppa leiaren i Todalen Sanitetsforening, Maren Ansnes, opp med 10 eksemplar av Norsk salmebok med stor skrift som var ei gåve frå ein anonym gjevar via foreninga. Tema for dagens preken var sykdom og helbreding og hjelp når du treng det.  Neste gudsteneste i Todalen kyrkje blir 10. oktober, da vil hausttakkefesta blir markert, og det blir konfirmantfest og -jubileum.  

Vil du være BØNNEFADDER for konfirmantane 2022?

Publisert: 12. september 2021, 11:39