Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kjempetid av Erik Kårvatn i 6 topper Torvikbukt

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 18. september 2021

6 topper Torvikbukt, som vart arrangert i dag, for attande gong sidan 2004, er kalla Norges tøffaste halvmaraton. Erik Kårvatn gjorde eit kjempeløp og sprang inn til beste juniortid gjennom tidene, og den 7. beste tida som nokon gong er oppnådd i løpet si historie. Erik vann juniorklassen og vart totalt nummer 4 i løpet, i sterk konkurranse med mange andre sterke utøvarar. Dermed er Erik inne på den såkalla «kongerekka», som er dei 10 beste tidene som er oppnådd gjennom historia i 6 toppar Torvikbukt. 

Erik sprang inn til tida 2:37:58, som var 41 sekund bak 3. plassen på det 21,8 kilometer lange løpet, der det totalt er 1900 høgdemeter frå start til mål. Erik representerer Trollheimen Fjellsportklubb. 

Anders Kjærevik, BFG Bergen Løpeklubb vann årets utgåve av 6 topper Torvikbukt på tida 2:28:42, framfor Jonas Hesthaug, Eidsdal IL med tida 2:29:32, Thomas B. Foyn, Kårvatn Fjellutstyr med tida 2:37:17 og altså Erik Kårvatn på tida 2:37:58. 

Komplett resultatliste finn du her: «Reslutatliste 6 topper Torvikbukt» 

Nedanfor finn du nokre bilete frå dagens 6 topper Torvikbukt, som Gudmund Kårvatn har sendt oss:

 

Først publisert: 18. september 2021, 20:47 - Sist oppdatert: 20. september 2021, 16:52