Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fullt hus på helsekveld

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 30. september 2021

Torsdag kveld inviterte Todalen Sanitetsforening til helsekveld i Todalen ungomshus, og mange møtte fram for å få med seg Kari Løvendahl Mogstad fortelje om demens, og Tonje Bjørnås, Helga Bele og Solveig Haglund fortelje om tilbodet «Inn på tunet». 

Maren Ansnes ønskte velkommen! Foto: B G Ansnes

Maren Ansnes ønskte velkommen, og sa seg særs godt nøgd med oppmøtet på helsekvelden til Todalen Sanitetsforening. 

Kari Løvendahl Mogstad

Kari Løvendahl Mogstad, opprinneleg frå Surnadal, er til dagleg fastlege ved Munkholmen legesenter i Trondheim. Kari er engasjert i arbeidet med å gjere situasjonen for folk med demens og deira pårørande betre, og vere ein aktiv støttespelar i arbeidet med demente. 

Kari Løvendahl Mogstad hadde eit interessant foredrag om demens. Foto: R A Moe

Kari kom inn på at alle vil oppleve kognitiv svikt etter kvart som vi blir eldre, men i ulike aldrar. Kognitiv svikt kan på sikt utvikle seg til demens for nokre av oss. I dag er det registrert rundt 100 000 med demens i Norge, eit tal som dei trur vil auke til det dobbelte fram mot 2040. Så at demens er eit viktig tema, er det ingen tvil om. 

Kari fortalte vidare at typiske teikn på demens kan vere: 

  • At ein blir gløymsk
  • Mistar konsentrasjonsevna
  • Dårlegare/mindre planlegging
  • Forvirring
  • Endra personlegheit

Kari var klar på at den viktigaste ressursen i demensarbeidet er utan tvil dei pårørande, men at det var viktig at samfunnet støtta dei pårørande med avlastning og andre tilrettelagte tenester og tilbod. 

F.v. Tonje Bjørnås (demenskoordinator i Surnadal kommune), Helga Bele (frå Jostua Bele) og Solveig Haglund (frå Oppistua Øye) fortalte om «Inn på tunet». Foto: R A Moe

«Inn på tunet»

Demenskoordinator i Surnadal kommune, Tonje Bjørnås, saman med Helga Bele, frå Jostua Bele, i Bæverfjorden og Solveig Haglund, frå Oppistua Øye, orienterte om tilbodet «Inn på tunet». Dette har, fram til no, vore eit dagtilbod for personar med demens 4 dagar i veka (to dagar på Bele og to dagar på Øye). Men dette tilbodet blir no utvida med eit helgatilbod, der demente med pårørande kan få tilbod om å vere, enten på Bele eller Øye, frå fredag til søndag saman. 

Dei orienterte òg litt om utviklinga av velferdteknologien som no er på full fart inn i eldreomsorga, og på sikt kan bli eit viktig og nyttig hjelpemiddel for å betre kvardagen òg for personar med demens.  

Bra oppmøte på ein interessant helsekveld. Foto: B G Ansnes

Til slutt var det kaffe og kveldsmat, før det heile vart avrunda med loddsal. 

 

Først publisert: 30. september 2021, 22:05 - Sist oppdatert: 1. oktober 2021, 03:54