Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Slik endte turen til Nordmøre for moskusen

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. september 2021

Turen til Nordmøre var vel egentleg ei friarferd for moskusen som var på ein kort visit til Nordmøre sist veke.  Moskusen vart observert i Rindal, og har vore hyppig gjest i media dei siste dagane. Etter kvart oppdaga nok moskusoksen at det ikkje fantes artsfrendar på Nordmøre, og sette derfor kursen heimover til Oppdal. 

Onsdag vart han observert ved sørenden av Gjevilvatnet, og der sørga SNO (Statens Naturoppsyn) for avliving.  Moskusstammen på Dovrefjell skal nemleg haldast på rundt 200 dyr, og dermed lever slike utbrytarar som Nordmørs-moskusen farleg, og vart altså skoten ved Gjevilvatnet i Oppdal.  

Publisert: 30. september 2021, 06:10