Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juni, 2021

Vi fann 122 artiklar i dette arkivet.


Sesongens første friidrettskveld vel i hamn

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 9. juni 2021

I kveld var det sesongpremiere for friidrett på Bordholmen stadion. Det vart hoppa lengde, både med og utan tilløp, kasta liten ball, og sprunge 60- og 400-meter. I tillegg hadde Barne- og ungdomsgruppa teke med bogeskyting som ein ny øvelse. 


Todalen Oppvekstsenter plukka søppel på Vorpnesset

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 9. juni 2021

I går var både barnehagen og skulen ved Todalen Oppvekstsenter på søppelrydding på Vorpnesset utanfor Ansneset. Todalen Bondelag stilte med varm lunsj, så det vart ein fin dag for alle saman. 


Riktig så triveleg kveld ved Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Onsdag 9. juni 2021

Godt med folk og riktig god og triveleg stemning vart det da Todalen sanitetsforening inviterte til sommaravslutning tysdag kveld.


Fjellgruppa til Møkkelfjellet.

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 9. juni 2021

I går tok fjellgruppa turen ut av fylket då dei tok turen til Heim kommune der turmålet var Møkkelfjellet. For ei veke sidan var det berre nokre få som hadde høyrt om Møkkelfjellet, så i går var det Møkkelfjellet som gav mål og meining i deira ferd!


Start 4H med tur til Svinviks arboret.

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 8. juni 2021

I ettermiddag tok medlemmane i Start 4H ein medlemstur til Svinviks arboret. Når dei kom til arboretet fekk dei ei historisk orientering om Svinviks arboret og grunnleggjarane Halvor og Anne Svinvik. Så vart gjengen guida inn i drivhuset, der dei fekk sjå planter arboretet dyrkar der.    Etterpå vart det ein tur rundt om i […]


Nikolai på landslagssamling for G17

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 8. juni 2021

Nikolai Søyset Hopland (16), son av Anne Søyset frå Heimstad, har vore på landslagssamling med Norge sitt G17 lag. Han har så langt i sesongen starta alle kampane (4) for Aalesunds Fotballklubb (AaFK) i OBOS-ligaen. På toppen av det heile har supporterane til AaFK kåra han til månadens spelar i mai, noko Nikolai sjølvsagt sette stor pris på. 


Opningstider ved Surnadal bibliotek i sommar

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 8. juni 2021

I ei melding frå Surnadal bibliotek som tikka inn no i ettermiddag, får vi informasjon om opningstidene og kva tilbod biblioteket kan lokke med gjennom sommaren. 


Førsteslotten godt i gang

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 8. juni 2021

Starten av juni har etter kvart vorte tida for førsteslotten. Etter ein lang «tørkeperiode», fram til helga, var fleire av bøndene spente på korleis resultatet av førsteslotten ville bli i år. Ser ein på talet rundballar som så langt er ferdigballa, så ser resultatet ut til å bli omlag som normalt.  Det har etter kvart […]


Stavgang frå Sunna til Rindal sentrum

Dordi Jorunn Halle Måndag 7. juni 2021

Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag inviterer til tur torsdag 10. juni. Turen går frå Sunna og opp mot Rindal sentrum.


Stem på månandens bilete for mai

Mari B. Redalen Måndag 7. juni 2021

Sommaren er endeleg komme, både på kalenderen og i vêret. Det betyr også at vi skal stemme fram vinnaren av månadens bilete for mai.


Triveleg tur i nærområdet

Dordi Jorunn Halle Måndag 7. juni 2021

Sol, mild bris og akkurat passe heitt; ein riktig fin dag for kløvertur. Tur i nærområdet, men likevel nye plassar å utforske.


Friidrett på Bordholmen onsdag 9.juni

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 7. juni 2021

Onsdag 9.juni klokka 17:30 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til friidrett på Bordholmen stadion. Det blir lengdehopp med tilløp, stille lengde, kast av liten ball, 60-meter springing og 400-meter springing.