Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Riktig så triveleg kveld ved Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Onsdag 9. juni 2021

Godt med folk og riktig god og triveleg stemning vart det da Todalen sanitetsforening inviterte til sommaravslutning tysdag kveld.

Omsorgsberedskapsgruppa i Sanitetsforeninga var ansvarlege for dette svært så vellukka arrangementet. Det vart servert nydeleg grillmat; rikeleg og velsmakande! Og til kaffien var det gode kaker; marsipankake og rabarbrakake med krem!

Kari Kvendset og Jorun Hals Ørsal frå omsorgsberedskapsgruppa ønsker gjestene velkomne. Foto: Dordi J H

Kristine Saksen Ulvund og Carina Talgø var var kokkar og grillsjefar – dei fekk mykje velfortent skryt for maten!. Foto: Dordi J H

Praten rundt borda gjekk livleg, og det vart ein utruleg fin og god sommarkveld. Folk var glade for endeleg å kunne møtast og prate med vener og kjende! Det har vore få arrangement med høve til å treffast siste året, og mange har nok sakna både medlemsmøte, eldremiddagar, Fredrikkekaffe, basarar og rusleturar. No er heldigvis dei aller fleste av dei godt vaksne. vaksinerte både ein og to gonger. Det var oppdekt ute, så her var det godt og luftig.

Maren Ansnes, leiar i sanitetsforeininga, avslutta kvelden med å orientere om kva styret har arbeidd med vårhalvåret 2021, takka for maten og ønskte alle ein riktig god sommar!

Fleire bilete frå sommaravslutninga:

Eit 40-tals personar var samla på plattingen og plena ved Sanitetshuset og kosa seg i sommarkvelden. Foto: Dordi J H

Kari serverer kake til Ingrid. Foto: Dordi J H

God mat og triveleg lag! Foto: Dordi J H

Litt grått og surt ver, men det la ikkje demping på stemninga. Foto: Dordi J H

 

Publisert: 9. juni 2021, 07:50