Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Førsteslotten godt i gang

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 8. juni 2021

Starten av juni har etter kvart vorte tida for førsteslotten. Etter ein lang «tørkeperiode», fram til helga, var fleire av bøndene spente på korleis resultatet av førsteslotten ville bli i år. Ser ein på talet rundballar som så langt er ferdigballa, så ser resultatet ut til å bli omlag som normalt. 

«Kårkaill» Anders Halset (frå Nestua på Hallset) slår graset. Foto: B G Ansnes

Det har etter kvart vorte meir og meir vanleg med tre slottar gjennom vekstsesongen. Men framleis er det første og andre slotten som er dei to viktigaste slottane og som er avgjerande for om det blir eit godt eller dårleg år med tanke på grovfôrproduksjonen.

Resultatet av slotten ser bra ut. Foto: B G Ansnes

På Kvennset starta slotten før helga, medan den lenger opp i bygda kom i gang for fullt etter helga.  

Slotten i gang. Foto: B G Ansnes

Hallvard Kvendset frå utigarden seier: – Vi var heldige og fekk i gang vatningsanlegget vårt litt før vi begynte å slå. Det gjer at vi får ei tilnærma normalt resultat for grovfôr produksjonen hos oss. 

I Utigarden på Kvennset ser resultatet av slotten ut til å bli omlag som normalt. Foto: B G Ansnes

Olav Halle i Austistova på Halle fortel at det òg der ser ut til å bli eit normalt resultat for førsteslotten. 

Publisert: 8. juni 2021, 13:43