Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Triveleg tur i nærområdet

Dordi Jorunn Halle Måndag 7. juni 2021

Sol, mild bris og akkurat passe heitt; ein riktig fin dag for kløvertur. Tur i nærområdet, men likevel nye plassar å utforske.

Dagens tur starta frå Bønnavollan opp til Husbygarden og vidare opp bakkane til Flathaugen etter fin skogsveg. Her var det det utsyn over bygda; først utover mot fjorden og så innover mot Trollheimsfjella.

Fin rasteplass! Ein ny plass for mange i turfølget. Foto: Marit S S

Returen vart forbi Hallvardhytta og utover til Den himmelske freds plass eller meir korrekt Hjellen, som er namnet frå gammalt av.

Ved Vømmelbu vart det ein lang og god matpause, rett og slett ein vederkvegelse!

Ny tur om ei veke. Er det regn og dårleg ver, blir det Toåa tursti. Er veret godt, er plana Haltbakkan.

Fleire bilete kløverturen:

På indre Flathaugen. Frå venstre: Jorunn H, Jorunn Ø, Åse Johanne, Arndis, Kari, Sigrun, Marit og Dordi. Foto: Dordi J H

Klare for heimtur, men gruppebilete først. Frå venstre: Jorunn, Arndis, Jorunn., Åse Johanne, Dordi Jorunn, Kari, Dordi og Sigrun. Foto: Marit S S

Godt å vera på tur. Foto: Dordi J H

Publisert: 7. juni 2021, 15:32