Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Oppvekstsenter plukka søppel på Vorpnesset

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 9. juni 2021

I går var både barnehagen og skulen ved Todalen Oppvekstsenter på søppelrydding på Vorpnesset utanfor Ansneset. Todalen Bondelag stilte med varm lunsj, så det vart ein fin dag for alle saman. 

Dei eldste ungane ved oppvekstsenteret sykla til Ansneset og gjekk utover til Vorpnesset, medan dei yngste og barnehageungane køyrde bil. 

Føremiddagen brukte ungane til å plukke søppel som hadde drive på land i løpet av vinteren og våren. Ungane fann ein god del, så det vart mange fulle sekkar til slutt. 

Nokre av sekkane ungane fylte med søppel. Foto: Torill Gjeldnes

Ungane fann både mjuk og hard plast. Vorpnesset ligg slik til at mykje driv på land i løpet av nokre månader. Oppvekstsenteret og 4H har vore her og rydda mange gonger før om åra òg, men det kjem noko heile tida hit, så her blir det ikkje tomt. Grev ein litt i jorda i tillegg, så kjem det fram lag på lag med plast, så ungane gjer ein kjempebra jobb med å gjere dette arbeidet kvart år. 

I lunsjpausen møtte Todalen Bondelag, representert ved Stine Grytskog, Julia Halle og Randi Ramsøy opp, og grilla pølser og serverte pålser med brød. Det var eit populært innslag og fylte på energilageret for å plukke enda meir søppel. 

Bondelaget møtte opp og grilla pølser. Foto: Torill Gjeldnes

Dette var første gongen barnehagen og skulen kunne dra på tur saman, sidan koronaen gjorde sitt inntog for fullt på mars i fjor. Så sjølv om det vart litt arbeid, så var dette likevel ein skikkeleg «gla-dag» for både små og store ved oppvekstsenteret. 

Takk til Torill Gjeldnes for info og bilete!

Nedanfor kan du sjå fleire bilete frå turen til Vorpnesset: 

Publisert: 9. juni 2021, 09:58