Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongens første friidrettskveld vel i hamn

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 9. juni 2021

I kveld var det sesongpremiere for friidrett på Bordholmen stadion. Det vart hoppa lengde, både med og utan tilløp, kasta liten ball, og sprunge 60- og 400-meter. I tillegg hadde Barne- og ungdomsgruppa teke med bogeskyting som ein ny øvelse. 

Lengde utan tilløp. Foto: B G Ansnes

Første øving var lengde med tilløp, der alle fekk to hopp kvar. Etterpå var det stille lengde, her og med to hopp for kvar. 

Klar for å kaste liten ball. Foto: B G Ansnes

Så gjekk turen til kast av liten ball. Her fekk alle prøve to kast. Men først fekk alle litt instruksjon i kastteknikk av Ola Dalsegg. 

Langt kast med liten ball! Foto: B G Ansnes

Så kom turen til 60- og 400-meter. Her var det høg fart og stor innsats, sjølv om det var varmt i vêret. 

Full innsats på 60-meteren. Foto: B G Ansnes

Siste øving på programmet var bogeskyting. Her fekk alle ei innføring i bogeskyting av Ola Dalsegg, før alle fekk prøve å treffe blinken. Ei ny og populær øving, som få hadde prøvd tidlegare.

Ola Dalsegg instruerer ivrige bogeskytarar. Foto: B G Ansnes

Etter at alle øvingane var vel gjennomført, varta Barne- og ungdomsgruppa opp med kveldens overrasking, nemleg is til alle som var med, og det gjorde godt med litt avkjøling i varmen!

Publisert: 9. juni 2021, 18:58