Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mars, 2021

Vi fann 90 artiklar i dette arkivet.


Kjøpte gard – fikk bakeri på kjøpet

Jon Olav Ørsal Fredag 5. mars 2021

For 4-5 år sia budde og jobba Monica Moen Kvendset og ektemannen Jostein i Trondheim.  Der trivdes dei godt, men klarte ikkje heilt å slå seg til ro. Heimlengselen vart etter kvart sterkare og sterkare og etter kvart begynte dei å sjå seg om etter ein plass på heimtraktane.  Monica hadde vakse opp i eit bustadfelt i Surnadal, medan Jostein kom frå Kvanne/Stangvika.  Det store ønsket var å få tak i ein gard, der dei kunne drive med forskjellig.


Krigsminnesti på Nordmarka i Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 5. mars 2021

I dag er det nøyaktig 79 år sia eit engelsk overvakingsfly, på oppdrag for å fotografere krigsskipet Tirpitz i Trondheimsfjorden, vart skote ned over Nordmarka. Flyet, eit Spitfirefly (med kallenamn AA180), krasja ikkje så langt frå Andersvatnet.


Talgø engasjerer seg i Todalshytta AS

Jon Olav Ørsal Torsdag 4. mars 2021

Talgø Invest ønsker å engasjere seg i driften av Todalshytta.  Talgø går inn i driftsselskapet Todalshytta AS med 40% eierandel, og ønsker med det å være en passiv eier, men vil være med å gjøre en oppgradering av hytta mulig. I disse dager pågår det ein storstilet dugnad, der veteraner fra KNT sørger for oppgradering av Kjøkken, soveromg og speisestue/dagligstue.  Ifølge pressemeldingen vil det bli en ny giv ved Todalshytta som engasjerer seg bl.a. i laksefisket i Toåa.


POP UP-Utstilling i Finstua 8.mars

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 4. mars 2021

Anne Marie Rognskog og Sissel Halset Storslett har, i samband med kvinnedagen 8.mars, teke initiativ til ei Pop Up-utstilling i Finstua i Surnadal kulturhus 8.mars klokka 17:00 – 20:00. Tanken er å fylle Finstua med arbeider/kunstverk laga av kvinner i distriktet. 


Vertikal med god VM-innsats frå Erik – vart nr 10

Jon Olav Ørsal Torsdag 4. mars 2021

Nok ein dag med VM-løp er unnagjort for todalingen Erik Kårvatn, som er med og kjemper om medaljene oppi  fjellene i Andorra.  I dag var det vertikal som stod på programmet, og det vil seie at kampen stod om å kome seg fortest mulig frå startpuntet og opp til toppen av anlegget. 


MAGEPLASK I STADEN FOR STYRKING AV NORSK SPRÅK?

Dordi Jorunn Halle Torsdag 4. mars 2021

Surnadal Heimbygdlag hadde årsmøte 3.mars 2021, med vanlege årsmøtesaker og brukbart frammøte. Styret vart attvald, og Trygve Roaldset held fram som leiar.


Lia Gard – gardsutsal fredag 5.mars

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 3. mars 2021

Fredag 5.mars mellom klokka 13:00 – 18:00 er det duka for gardsutsal av bakevarer hos Lia Gard. Innehavar Monica Moen Kvendset fortel at det vil bli mogleg å få kjøpt: ferske smultringar, skulebollar, grovbrød, osteloff og havrekjeks. Så her er det noko for ein kvar smak, inn mot helga! 


Endringar i vaksinestrategien, utan vesentlege konsekvensar for vaksineringa i Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 3. mars 2021

Som mange sikkert har fått med seg dei siste dagane, så har Regjeringa, etter råd frå Folkehelseinstituttet, endra litt på tildelingsprioriteringane av koronavaksiner. Endringane får ikkje dei store konsekvensane for vaksineringstempoet i Surnadal kommune. I ei pressemelding frå kommunen no i dag, orienterer kommuneoverlegen om kva dei nye tildelingsprioriteringane vil bety for Surnadal kommune. 


Surnadal frivilligsentral – 1-årsjubileum

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 3. mars 2021

10.mars 2020 opna Surnadal Frivilligsentral dørene for første gong. I samband med 1-årsjubileet vil frivilligsentralen ha ope hus torsdagane 11., 18. og 25.mars, i tidsrommet 11:00 – 15:00. Janne Skei vil ha desse dagane fotoutstilling i lokala til Frivilligsentralen, og det vil bli sal av kaffe og kaker. 


Stem på månadens bilete for februar

Mari B. Redalen Tysdag 2. mars 2021

Her kjem kåringa for februar månad og vi håpar du vil stemma på det bilete du syns fortjener tittelen månadens bilete. Veret er ganske fuktig om dagen, men kanskje finn du eit motiv som gjenspeiler det og? Vi tek regnværsbileter også.


Nordvik Grendalag – årsmøte 9.mars

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 2. mars 2021

Torsdag 9.mars klokka 20:00 har Nordvik Grendalag årsmøte i forsamlingshuset. På grunn av koronasituasjonen ønsker grendalaget at folk melder seg på til årsmøtet. Påmelding skal sendast på SMS til Tonje Kristin Vikan på telefon 918 64 878 innan fredag 5.mars.