Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mars, 2021

Vi fann 90 artiklar i dette arkivet.


Odd Arild Sande valt til ny leiar i Nordvik Grendalag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 10. mars 2021

Tysdag kveld var det årsmøte i Nordvik Grendalag. i Nordvik forsamlingshus. På grunn av koronasituasjonen var det påmelding i forkant, spriting av hender når ein kom og dro. Møtedeltakarane var òg plassert med god avstand til kvarandre. Kaffebrøda kom innpakka frå butikk, så ein kan trykt seie alle smittevernreglane var godt ivaretekne under årsmøtet. Odd Arild Sande vart valt til ny leiar etter Oddvar Mikkelsen. 


Digital Fasteaksjon i år

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 9. mars 2021

Som ein direkte konsekvens av smittevernreglane i samband med Koronasituasjonen, er Kirkens Nødhjelp sin tradisjonelle  Fasteaksjon digital i år ôg, slik som i fjor. Fasteaksjonen er Norges andre største innsamling, og har vore arrangert i meir enn 50 år. Tidlegare år er det konfirmantane som har stått for  bøssebæringa. I fjor vart innsamlinga heildigital, slik den òg blir i år.  


POP UP-utstillinga vart ein suksess

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 9. mars 2021

Pop Up-utstillinga i finstuå på Surnadal kulturhus 8.mars vart ein stor suksess. 15 lokale kvinner og 1 mann hadde meldte seg på med eigenproduserte kunstverk til utstillinga. Responsen frå publikum var òg veldig bra, dei tre timane utstillinga var open. 


Kløverturar i mars

Dordi Jorunn Halle Måndag 8. mars 2021

Så langt i år har Sanitetsforeninga arrangert fire kløverturar; alle fire med god deltaking og i bra ver.



Nypreparerte løyper på Tjønnmyra

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 8. mars 2021

Ståle Ansnes i Todalen Idrettslag sitt driftsstyre vinteranlegg fortel at det no er nypreparerte løypetrasear i lysløypa på Tjønnmyra. Det er meldt meir snø utover ettermiddagen og kvelden, og driftsstyret vil preparere løypetraseane fortløpande framover. 


Norgescup – klart for Kårvatn Skimo 20. og 21. mars

Jon Olav Ørsal Måndag 8. mars 2021

Laurdag 20. og søndag 21. mars står Trollheimen fjellsportklubb som arrangør av Kårvatn Skimo 2021, der Norgescupen er ein del av arrangementet.  Årets arrangement er det 10. i rekkja, der Norgescupen har vore ein del av arrangementet.  Etter snøfallet siste helg er det fine tilhøve i Dalalia for å arrangere årets Skimo Kårvatn 2021.


Skiskytingas Dag 20.mars

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 7. mars 2021

Laurdag 20.mars mellom klokka 12:00 – 16:00 arrangerer Indre Nordmøre forsvarsforening (INF) Skiskytingas Dag på Gravvold i Bæverfjord. INF vil i samband med arrangementet ha eit introduksjonskurs for nybyrjarar. 


Kløvertur og medlemsmøte

Dordi Jorunn Halle Sundag 7. mars 2021

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 8. mars.  Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.


VM i Andorra: 12.-plass for Erik i laurdagens induviduelle konkurranse

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. mars 2021

Det vart ein ny god dag for todalingen Erik Kårvatn, som har delteke i VM i randoneé i Andorra.  Laurdag var siste konkurransedag, da den individuelle konkurransen gikk av stabelen. Laurdag morgon var det ganske tett tåke i området, og det medførte at arrangøren måtte korte ned løpet og velge ein litt anna og nedkorta trasé.  Dagens trase hadde berre rundt 780 høgdemeter og hadde ikkje innlagt nokon etappe med ski på sekk. Erik endte i laurdagens konkurranse på 12 plass, noko han er godt nøgd med.


Siri Skjerve med separatutstilling i Molde 25.mars – 25.april

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 6. mars 2021

Siri Skjerve skal i perioden 25.mars – 25.april ha separatutstilling på Møre og Romsdal kunstsenter i Molde. Utstillinga har ho kalla «As We Evolve». Siri lagar skulpturar av tradisjonsgarva skinn som er bearbeidd til mellom anna feittgarva skinn, råhud og pelsskinn. At skinna er tradisjonsgarva inneber at dei ikkje er industrielt garva. Siri nyttar Jutulskinn i Vågå til garvinga av skinna ho brukar, og saumar skulpturar med voksa lintråd. Skinna i skulpturane til utstillinga i Molde, er stort sett frå lokale jaktlag i Todalen, og Siri vil nytte høvet til å takke jaktlaga for leveransane. 


NVE melder om stor snøskredfare i Trollheimen laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 5. mars 2021

Mykje lokal nedbør og vind fører til auka snøskredfare i Trollheimen, melder NVE på si varslingsteneste Varsom.no. Laurdag er det meldt raudt farenivå for Trollheimen. Vær difor forsiktig i leområder og terrengformasjonar der vinden legg frå seg ustabile nysnøflak.