Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

VM i Andorra: 12.-plass for Erik i laurdagens induviduelle konkurranse

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. mars 2021

Det vart ein ny god dag for todalingen Erik Kårvatn, som har delteke i VM i randoneé i Andorra.  Laurdag var siste konkurransedag, da den individuelle konkurransen gikk av stabelen. Laurdag morgon var det ganske tett tåke i området, og det medførte at arrangøren måtte korte ned løpet og velge ein litt anna og nedkorta trasé.  Dagens trase hadde berre rundt 780 høgdemeter og hadde ikkje innlagt nokon etappe med ski på sekk. Erik endte i laurdagens konkurranse på 12 plass, noko han er godt nøgd med.

Det vart altså ein nedkorta konkurranse under laurdagens løp, og faren Gudmund seier på telefon frå Andorra at Erik rakk mesta ikkje å legge inn det høgste giret under dagens løp som altså var sterkt nedkorta på grunn av tåka og sikkerheitstiltaka som vart gjort. 

Erik har egentleg gjort ein formiddabel innsats under VM i Andorra, med tre gode plasseriner som 10.,  11. og 12.-plass.  Dette har han sjølvsagt god grunn til å være nøgd med, og det viser at han er på høgde med teten innafor sin juniorklasse U18M.  På ein god dag er faktisk Erik moden for ein pallplass i lag med slike konkurrentar.  

No er den norske gjengen som Gudmund er leiar for klare for å ta på heimveg.  Først blir det biltur til Barcelona og så fly – først til Frankfurt og så vidare til Gardermoen og til Trondheim. 

Bildegalleri frå dagens  individuelle konkurranse.  Alle foto: GudmundK.

Publisert: 6. mars 2021, 11:31