Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Odd Arild Sande valt til ny leiar i Nordvik Grendalag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 10. mars 2021

Tysdag kveld var det årsmøte i Nordvik Grendalag. i Nordvik forsamlingshus. På grunn av koronasituasjonen var det påmelding i forkant, spriting av hender når ein kom og dro. Møtedeltakarane var òg plassert med god avstand til kvarandre. Kaffebrøda kom innpakka frå butikk, så ein kan trykt seie alle smittevernreglane var godt ivaretekne under årsmøtet. Odd Arild Sande vart valt til ny leiar etter Oddvar Mikkelsen. 

«Koronaavstand mellom årsmøtedeltakarane. Foto: Per P. Gjeldnes

Årsmøtet handsama årsmelding og rekneskap for 2020, før det vart val av nytt styre. 

Styret i Nordvik Grendalag 2021:

Leiar: Odd Arild Sande – ny for 1 år

Nestleiar: Palmer Vikan – attvalt for 2 år

Kasserar: Lina Skjerve Vatten – ny for 2 år

Sekretær: Tonje Kristin Vikan – Ikkje på 

Styremedlem: Kenneth Sæterbø – Ikkje på val 

Årsmøte Nordvik Grendalag. Foto: Per P. Gjeldnes

I tillegg til dei vanlege årsmøtesakene, orienterte Nordvik Småbåtforening om arbeidet med småbåthamna og det nye friluftsområde ved denne. 

I forkant av årsmøtet oppfordra grendalaget folk om å sjekke om dei hadde liggande gamle protokollar som tilhøyrde grendalaget. Dette resulterte i at dei manglande protokollane kom til rette, og er no i trygge hender til det nye styret.  

Tonje Kristin Vikan (sekretær) og Odd Arild Sande (leiar) er båe med i det nye styret. Foto: Per P. Gjeldnes

Først publisert: 10. mars 2021, 06:00 - Sist oppdatert: 14. april 2021, 21:55