Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kjøpte gard – fikk bakeri på kjøpet

Jon Olav Ørsal Fredag 5. mars 2021

For 4-5 år sia budde og jobba Monica Moen Kvendset og ektemannen Jostein i Trondheim.  Der trivdes dei godt, men klarte ikkje heilt å slå seg til ro. Heimlengselen vart etter kvart sterkare og sterkare og etter kvart begynte dei å sjå seg om etter ein plass på heimtraktane.  Monica hadde vakse opp i eit bustadfelt i Surnadal, medan Jostein kom frå Kvanne/Stangvika.  Det store ønsket var å få tak i ein gard, der dei kunne drive med forskjellig.

Da Ytter Lia kom for sal, var det bakeri med på kjøpet. Foto: Jon Olav Ørsal

Da ytter Lia kom for sal, responderte dei straks for å sjekke kva dette dreide seg om.  Her var det både ein del jord og fjøs, og faktisk var det med eit lite gardsbakeri meir eller mindre på kjøpet.  Det var faktisk midt i blinken for familien, for Monica var slett ikkje framand for å drive med litt baking.  Ho avslører at ho har fleire sesongar med sommarjobb på Børset Bakeri i Rindal, og hadde dermed litt kjennskap til baking og oppskrifter.  Ein del bakeriutstyr var med på kjøpet av garden, men i tillegg har Monica supplert med fleire maskiner.

Oppskrifter var heller ikkje noko problem, for ho har heile livet vore glad i baking. Dermed har ho samla på gode oppskrifter i mange år – spesielt har mor og bestemor vore gode bidragsytarar. I tillegg har ho god kontakt med gammelsjefen – Bjørn Børset frå Børset Bakeri.  Han har vore hjelpsam og lånt ut både smultringoppskrift og smultringkoker, og faktisk deltek med smultrinkoking i bakeriet.  Den som har stoppa på tur til Trondheim og kjøpt nykoka smultringar veit korleis dei smakar.  Dei smeltar på tunga når dei er nykoka!

Monica har alliert seg med «gammelsjefen» Bjørn Børset, frå Børset Bakeri og lånser oppskrift på smultringar av han. Monica har fartstid som sommarvikar på Børset Bakeri. Foto Jon Olav Ørsal

Det er no 4 år sia dei kjøpte garden og har bruka tida på å pusse opp heile våningshuset og har rusta opp bakerie og fjøset.  I fjøset er det forresten 50 ammegeit som i sommar skal leiges ut som «beitepussarar». Det er stor etteraspørel etter slike dyr og Monica reknar med at det skal gå greit å leige dei ut.

Bakeriet har den siste tida vore open annakvar fredag – i dag (5. mars) er det ope frå 13-18 .  Monica fortel at dei prøvar seg fram litt med bakeriet, både når det gjeld sortimen og opningdagar/opningstid – og tilpasning til årstid. Ho fortel at det har vore kjempefin respons på bakevarene og det sett ho stor pris på. Det lønner seg å følge med på facebook-sida til Lia gard for å få med opningstider og produktinfo.  

Det blir lange dagar når ho har bakeriet ope – først skal geitene fores, sidan blir det baking utover morgonen og føremiddagen – og så blir det ei økt med sal av bakervarer utover frå 13 til 18, eller så langt beholdninga rekk.  

Lia gard er firmanamnet og Lia Gardsmat er varemerket. Foto: Jon Olav Ørsal

Inngangen til gardsbutikken. Butikken er liten og trang, men Monica har planer klar for utviding av butikken. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 5. mars 2021, 13:00