Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Endringar i vaksinestrategien, utan vesentlege konsekvensar for vaksineringa i Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 3. mars 2021

Som mange sikkert har fått med seg dei siste dagane, så har Regjeringa, etter råd frå Folkehelseinstituttet, endra litt på tildelingsprioriteringane av koronavaksiner. Endringane får ikkje dei store konsekvensane for vaksineringstempoet i Surnadal kommune. I ei pressemelding frå kommunen no i dag, orienterer kommuneoverlegen om kva dei nye tildelingsprioriteringane vil bety for Surnadal kommune. 

Endringa inneber ei geografisk skeivfordeling som fører til at Oslo-området vil få fleire vaksiner på bekostning av vaksineforsyninga til Surnadal og resten av landet. 

Den nye vaksineplana vil truleg tre i kraft i andre halvdel av mars. Tidspunktet fell saman med varsla opptrapping av vaksineleveransar til Norge. Massevaksineringa i Surnadal vil uansett fortsette for fullt, og kommunen vil ta imot så mange vaksiner dei kan, slik at ein unngår unødige utsettingar i vaksineringstempoet.

Kommuneoverlegen understrekar at det ikkje er gjort endringar i vaksinestrategien som påverkar prioriteringa mellom personar i kommunen. 

Forseinkingar i leveransane av ein vaksinetype rammar eldre

Trass i ein varsla auke i den totale vaksinetilgangen, må kommunen først gjennom ein kort periode med reduserte leveransar av vaksiner frå leverandøren Pfizer-Biontech, som følge av redusert import. Dette fører til at tidspunkt for første vaksinedose for personar over 75 år vil bli forseinka. Kommunen vil samtidig motta vaksiner frå ein annen produsent, Astra-Zeneca, som førebels er godkjent kun for personar under 65 år. Kommunens vaksinepersonell held styr på dette og sørger for at rekkefølge og vaksinetype blir i samsvar med myndigheitene sine tilrådningar. 

Surnadal kommune har takka ja til å motta og sette vaksiner, òg i påskeferien. Kommunen kjem med meir informasjon om  påske-vaksineringa når dei veit kor mange vaksiner dei kan forvente å få.

Kommunen oppfordrar – Test deg!

Surnadal kommune minner om at det er viktig det at alle testar seg ved den minste mistanke om koronasmitte i tida framover. For dei som er i innreisekarantene er det no eit krav at dei må teste seg på nytt på dag 7. Samtidig må ein fortsette med å halde avstand, avgrense talet på nærkontaktar og unngå innanlandsreiser som ikkje er strengt nødvendig.

Publisert: 3. mars 2021, 14:34