Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Krigsminnesti på Nordmarka i Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 5. mars 2021

I dag er det nøyaktig 79 år sia eit engelsk overvakingsfly, på oppdrag for å fotografere krigsskipet Tirpitz i Trondheimsfjorden, vart skote ned over Nordmarka. Flyet, eit Spitfirefly (med kallenamn AA810), krasja ikkje så langt frå Andersvatnet.

Flygaren; RAF løytnant Alastair Donald Mackintosh “Sandy” Gunn, berga seg ut i fallskjerm og landa trygt ein ukjent stad på Nordmarka. Han vart etter kvart funne av nokre frå lokalbefolkninga, men det var mange tyskarar i Surnadal under krigen så han vart snart tatt til fange. Etter ei natt i Surnadal vart han sendt til Tyskland for avhør og så til Polen og fangeleiren «Stalag Luft III». To år seinare vart han med på ei masseflukt kjent som «The great Escape» der 80 fangar rømde. Omtrent alle vart teke til fange igjen,  og 50 av dei vart drepne, Sandy Gunn var ein av dei.

Det originale kompasset frå Spitfireflyet som vart skote ned over Nordmarka i 1942. Foto: Tony Hoskins

Det kunne vore slutten på denne historia, men i 2018 tok Tony Hoskins, ein Spitfireentusiast frå England, kontakt for å høyre om nokon i Surnadal visste kvar restane etter Spitfire AA810 låg.

Etter kvart kom det eit «bergingsteam» frå England, med BBC på slep, som henta ned ein stor del av dei vrakrestane dei fann på Nordmarka. Restane vart teke med til England og ein del av dei (dei best bevarte) skal brukast til restaurering av flyet. De finn meir om denne historia på Facebook (Spitfire AA810) eller på den offisielle heimesida til prosjektet https://www.spitfireaa810.co.uk/

Når snøen har smelta på Nordmarka, vil det bli opna ein krigsminnesti til minne om den dramatiske flystyrten og hendingane som følgde i etterkant. Turstien er (i alle fall halvvegs) lagt opp som ein rundtur, og har av den grunn fått namnet «Spitfire-runden». Start- og sluttpunkt for turen er demninga ved Andersvatnet. Sjølve turmålet er plassen der flyet til Alastair Gunn gjekk i bakken, og ca. 100 meter før sjølve styrtstaden er det eit koseleg utsiktspunkt med rastebenk.

Stien vil bli  tydeleg merka og skilta alt frå avkøyrsla til Ytre Nordmarksvegen på Nordmarka, så her skal alle kunne finne fram. At dette er ein litt spesiell tursti, er framheva ved at «air force blue» farge er bruka på skilting og merking.

Foto: Norunn Holten

Frå våren 2021 blir dette òg eit Stikk UT!-turmål, men snøforholda på Nordmarka vil vera avgjerande for når stien kan opnast for ferdsel. Skiltinga vil vera på plass frå opning av turstien, og det vil også etter kvart koma opp fleire informasjonstavler langs ruta.

Publisert: 5. mars 2021, 00:01