Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nordvik Grendalag – årsmøte 9.mars

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 2. mars 2021

Tysdag 9.mars klokka 20:00 har Nordvik Grendalag årsmøte i forsamlingshuset. På grunn av koronasituasjonen ønsker grendalaget at folk melder seg på til årsmøtet. Påmelding skal sendast på SMS til Tonje Kristin Vikan på telefon 918 64 878 innan fredag 5.mars. 

Sakliste:

  1. Godkjenning av innkalling
  2. Godkjenning av sakliste
  3. Val av ordstyrar og referent
  4. Årsmelding 2020
  5. Rekneskap 2020
  6. Val 2021
  7. Friluftsområde nede ved båthamna
  8. Orientering og framdrift med småbåthamn (v/Småbåtforeninga)
  9. Leikeplassen på Øygarden
  10. Uteområdet rundt forsamlingshuset
  11. Innkomne saker

Frist for å melde inn saker til årsmøtet er fredag 5.mars. Eventuelle saker må sendast skriftleg på SMS til Tonje Kristin Vikan på telefon 918 64 878. 

Styret 2020:

Leiar: Oddvar Mikkelsen – På val – (Innv. 2020)

Nestleiar: Palmer Vikan – På val – (Innv. 2019)

Kasserar: Tore Svinvik – På val – (innv. 2019)

Sekretær: Tonje Kristin Vikan – Ikkje på val – (Innv. 2020)

Styremedlem: Kenneth Sæterbø – Ikkje på val – (innv. 2020)

Varamedl.: Anna Ingeborg Nordvik – På val – (innv. 2020)

                     Ola Nordvik – På val – (Innv. 2018)

Valnkomite: Torunn Nordvik – På val – (innv. 2019)

                      Lina Skjerve Vatten – Ikkje på val – (Innv. 2020)

Styret i Nordvik Grendalag ønsker alle velkomne til årsmøtet!

Til slutt oppmodar grendalaget alle til å sjekke om dei har liggande «gamle» møteprotokollar som tilhøyrer grendalaget, og eventuelt tek desse med på årsmøtet. 

Først publisert: 2. mars 2021, 17:30 - Sist oppdatert: 3. mars 2021, 15:21