Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

POP UP-Utstilling i Finstua 8.mars

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 4. mars 2021

Anne Marie Rognskog og Sissel Halset Storslett har, i samband med kvinnedagen 8.mars, teke initiativ til ei Pop Up- utstilling i Finstua i Surnadal kulturhus 8.mars klokka 17:00 – 20:00. Tanken er å fylle Finstua med arbeider/kunstverk laga av kvinner i distriktet. 

Dei to fortel at ideen er at alle kvinner som vil kan ta med seg sine «verk», finn ein skrue i veggen og henge dei opp, eller ein sokkel å sette dei på. 

Har du lyst til å vere med? Påmelding på SMS til Anne Marie 416 34 025 eller Sissel 468 16 169. Opphenging skjer måndag 8.mars klokka 16:00. Opninga er klokka 17:00 og der vil Lilly Husby vere tilstades for å seie nokre ord.    

Dei to damene håper på at mange finn dette interessant!

Fullstendig invitasjon kan du lese ved å trykke på lenka:  «POP UP 8.mars»

Publisert: 4. mars 2021, 19:32