Kjøpte gard – fikk bakeri på kjøpet
For 4-5 år sia budde og jobba Monica Moen Kvendset og ektemannen Jostein i Trondheim. Der trivdes dei godt, men klarte ikkje heilt å slå seg til ro. Heimlengselen vart etter kvart sterkare og sterkare og etter kvart begynte dei å sjå seg om etter ein plass på heimtraktane. Monica hadde vakse opp i eit bustadfelt i Surnadal, medan Jostein kom frå Kvanne/Stangvika. Det store ønsket var å få tak i ein gard, der dei kunne drive med forskjellig.