Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mars, 2016

Vi fann 81 artiklar i dette arkivet.


Over 80 kom på seterrennet på Nordviksetra

Sverre Kjølstad Torsdag 24. mars 2016

I overkant av 80 personer hadde funnet veien til Nordviksetra for å prøve skiferdighetene på Seterrennet som ble arrangert for 88. gang i år. Værmeldingene hadde spådd lett regnvær på ettermiddag, noe som ikke slo til. Litt grått var det ved avgang forsamlingshuset kl 11.00, men om litt tittet en disig sol fram, noe vi ble velsignet med resten av dagen.


Liten utfart skjærtorsdag…

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. mars 2016

Det var ikkje den heilt store utfarten til Tristeinan og Bjøråskaret skjærtorsdag. Vêrgudane har vanskeleg for å være i retteleg godlage, og sjølv om det faktisk var brukbart vêr og sola faktisk prøvde å vise seg fram var det flatt lys og litt problem med å sjå konturane. Det var kanskje fleire som tok turen til Nordviksetra på Seterrenn, og vi kjem etter kvart med ein rapport derfra også



Stor sjakkfinale 2. påskedag

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. mars 2016

2. påskedag er det duka for stor sjakkfinale i ungdomshuset. Det er tilsaman 12 personar som har delteke i innleiande spel, som har foregått på søndagskveldar i kaffekroken. Gjengen har vore delt i to puljer og har spela 2 kampar kvar mot kvarandere (svart og kvit) og no er altså finalistane klar for finaleoppgjør i ungdomshuset 2. påskedag kl 14. På same tid blir det også broseoppgjør der det blir spela om 3. og 4. plassen i turneringa.


Handdukane fikk bein å gå på….

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. mars 2016

Jo, Sondre og Mari frå styret i Todalen.no hadde stand på Matkroken Todalen i dag. Bodskapet var sal av dei nye handdukane med Toadalen.no-logo og andre logoeffekter, og samtidig salg av støttemedlemskap for nettsida. Dei fortel at dei nye handdukane var populær handelsvare og handelen gikk strykende utover dagen.


2. påskedag: Vi minner om…

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. mars 2016

Soknerådet minner om at det er tradisjonell friluftsgudsteneste på Haugligardane 2. påskedag kl 12. Dei teks sjølvsagt vêrforbehald, men yr.no lovar i si vêrmelding at det skal bli brukbart vêr og temperatur på rundt 10 grader. Etter gudstenesta serverer Todalen ILs trimgruppe pølser og saft til alle.  Seinare på dagen er det duka til stor finale […]


Godt lokalt – satsar på lokal nisjemat

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. mars 2016

Lokalprodusert mat grip om seg og blir stadis meir populært, men utfordringa for lokale produsentar av mat og næringsmidler er distribusjonen. Mange har for liten produksjon til at dei kan kome seg inn på dei tre store matvaredistributørane som dominerer marknaden i Norge, men samtidig er det for kostbart å bygge opp eit eige salsnett. Onsdag […]



Seterrennet på Nordvik skjærtorsdag

Elinor Bolme Tysdag 22. mars 2016

Tradisjon tru blir det også i år arrangert seterrenn Skjærtorsdag 24. mars på Nordviksetra. Det blir oppsatt transport, med traktor og henger fra Øygarden, med gratis avgang. Her blir det fleire avganger ved behov.


Sanitetsforeninga med «loppeparty».

Dordi Jorunn Halle Tysdag 22. mars 2016

I dag var det råd å gjere rettelege godkjøp i Sanitetshuset. Todalen sanitetsforening prøvde ein ny vri for å få inn nokre kroner til lagskassa og arrangerte «mini-loppis».


Stand på Hals

Elinor Bolme Tysdag 22. mars 2016

I morgon blir det todalen.no-stand på Matkroken. Her blir det anledning til å kjøpe seg handdukar, termosar og andre småartiklar. I tillegg blir det også salg av personlege medlemskap for dei som ønsker å støtte opp om nettsida.


Storviltjakta 2015

Elinor Bolme Tysdag 22. mars 2016

Lurar du på korleis storviltjakta gikk i 2015? No treng du ikkje det lenger. Her finn du absolutt alt du kunne tenkt å vite – og langt meir med. På Surnadal kommune si heimeside finn vi nemleg ein fyldig rapport laga av Tore Gjul i forbindelse med viltmøtet den 22. februar.