Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mars, 2016

Vi fann 81 artiklar i dette arkivet.


Ny leiar i grendalaget

Elinor Bolme Fredag 18. mars 2016

Nordvik grendalag hadde mandag kveld sitt årsmøte, og der tok nestleiar Ola Magne Nordvik over som leiar etter at Ola Nordvik ikkje tok attval. Dette resulterte i ny nestleiar, og som vi ser av tilsendt oppsett vart også sekretæren ny. Vi kan derfor berre oppfordre det nye styret til å fortsette å sende oss stoff om små og store nyheiter frå Nordvik.


Takk for egga!!

Elinor Bolme Torsdag 17. mars 2016

I dag har vi fått ein liten rapport frå Todalen skule før påskeferien. Elevane hadde teke seg ein tur til Pestua for å takke for egga som dei har fått på skulen dette skuleåret. Britt Mossing skriv: «Vi likar godt kokte egg og omelett til lunsjmåltidet. Vi fekk sjå korleis egga vart sortert og pakka. Elevane hadde med påskekort og garnkyllingar som no pyntar opp i hønsehuset».


Fasteaksjonen med bra resultat

Jon Olav Ørsal Torsdag 17. mars 2016

Tema for fasteaksjonen i år var «I kriser er vatn viktig!» Konfirmantane er ryggrada i Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon, og tysdag kveld tok dei runden rundt bygda saman med medlemane i soknerådet. Knappe 10.000 kroner vart resultatet av aksjonen, og det er vi veldig godt nøgd med, seier KN-kontakt Ildri Øyen som fortel at innsamlingsgjengen vart godt mottekne i alle heimar rundt bygda.


Bygdeboka – Korrekturen er komen i sluttfasen…

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. mars 2016

Arbeidet med første bindet av bygdaboka for strekninga Åsbøen til Kårvatn er snart i mål. Det foregår no stor aktivitet og innspurt på korrekturarbeidet, og bygdebokkontoret fortel i ein e-post til Todalen.no at det i disse dagar blir sendt ut korrektur enten som e-post eller post. Dei gjer mersame på at det er kort frist på korrekturen – du må respondere innan ei veke! Bla vidare for å lese meir…


Isfår på gang ved hengebrua – oppdatert

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. mars 2016

I går kveld og i natt har det pakka seg opp med is og snø i elva ved hengebrua. Regn og mildvêr måndag gjorde at is og snø har lagt seg opp frå Engavet og oppover til hengebrua og til Heggøyan. I morgontimane i dag rann det over elvløpet og etter dyrkamarka utover Hallanesset.


Konfirmantane er klare for ny fasteaksjon

Dordi Jorunn Halle Måndag 14. mars 2016

Tema for fasteaksjonen i år er «I kriser er vatn viktig!» Konfirmantane er ryggrada i Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon. Innsatsen dei gjer er med på å redde liv. Saman med medlemmer frå soknerådet startar dei innsamlingsaksjonen tysdag kl.17.00.


Onsdag kjem Teatret Vårt Ung til Surnadal kulturhus.

Jon Olav Ørsal Sundag 13. mars 2016

Kven stolar du på? – Sjalusi er eit grønt monster som et kjærleik og blir til hat. Og da kan alt skje. «Forestillinga er en nydelig og lysende kraftprestasjon av Johanna Mørck, Hugo Mikal Skår og Anders Kippersund. Noen av øyeblikka røsker og river i et voksent menneske. Så det er kanskje noe å hente her for flere enn bare fjortiser?» skriv Sunnmørsposten og gir «Othello» terningkast 6. Onsdag kjem Teatret Vårt Ung til Surnadal kulturhus.


Fint føre, men liten utfart til Tristeinan

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. mars 2016

Jon Bruset tok turen til Talgø-Storhaugen og Tristeinan i dag, og rapporterer om kjempefint føre med pudder/silkeføre når du kjem til fjells. Det er køyrt opp spor frå Innerdalsmerket til Tristeinan og utover til skihytta på Ørsalfjellet. I dag var det strålane vêr, men litt skarp luft – men skiføret var av ypperste klasse.


Kom deg ut i finvêret….

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. mars 2016

Med sol frå skyfri himmel og lufttemperatur på 8-9 varme i sola er laurdagen ein praktfull dag i Todalen. Rett nok er det skarp luft etter nattempeeratur på 6-7 kuldegrader, men det er ein flott dag for uteaktivitetar. Vi tok ein rundtur for å sjekke forholda, og kan rapportere om fint skiføre både på Kårvatn, ved Innerdalsmerket og ikkje minst rundt omkring i bygda.


Strikkekaffe i dag!

Elinor Bolme Laurdag 12. mars 2016

I dag det nok ein gong åpent hus i Sanitetshuset med Strikkekaffe i tidsrommet 13-14. Det er Todalen Sanitetsforening som er arrangør av denne uformelle treffstaden, og dei håpar at dette fortsatt skal væra ein uformell møteplass for kvinner i alle aldrar i Todalen.


Stem på månadens bilete for februar

Ole Petter Talgø Fredag 11. mars 2016

Då er det klart for å stemme fram vinnaren av månadens bilete for februar. Vi takkar alle bidragsytarar til dagens bilete! Hugs årsmøte for Todalen.no 8. mars, kor vinnaren av årets bilete for 2015 også blir avslørt.


Stortur til Strengen

Elinor Bolme Fredag 11. mars 2016

Onsdag var 7. trinn ved Todalen oppvekstsenter på skitur til Strengen. Lærar Anja Dalsegg Sæter hadde med seg fire spente gutar på ein retteleg opplevelsestur. 2 av gutane hadde fått lånt randonneutstyr frå Kårvatn Fjellutstyr AS, medan Anja og dei 2 andre hadde sjølv. Slik var dei skodd for ein retteleg randonnétur.