Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Onsdag kjem Teatret Vårt Ung til Surnadal kulturhus.

Jon Olav Ørsal Sundag 13. mars 2016

Kven stolar du på? – Sjalusi er eit grønt monster som et kjærleik og blir til hat. Og da kan alt skje. «Forestillinga er en nydelig og lysende kraftprestasjon av Johanna Mørck, Hugo Mikal Skår og Anders Kippersund. Noen av øyeblikka røsker og river i et voksent menneske. Så det er kanskje noe å hente her for flere enn bare fjortiser?» skriv Sunnmørsposten og gir «Othello» terningkast 6. Onsdag kjem Teatret Vårt Ung til Surnadal kulturhus.

Othello er ei historie om kjærleik og hat, forelsking og sorg, glede og krig, manipulasjon og svik. Skodespelarane Anders, Johanna og Hugo speler Iago, Desdemona og Othello. Othello ein helt, ein leiartype. Kjærasten hans, Desdemona, er tvers igjennom snill, god – og nokre gonger godtruande. Othellos besteven Iago har eit vinnande vesen, men seier om seg sjølv at «eg er ikkje den eg er».

Othello4037.jpg

Skodespelarane Johanna Mørck, Hugo Mikal Skår og Anders Kippersund. Foto: Arild Moen

Dei kjempar for det dei meier er rett, både på og av scena, og publikum blir vitne til eit trekantdrama på liv og død. Dei deler sine innarste tankar og kjensler med publikum, som blir vitne til korleis dei prøver å gjæra eigne val, korleis dei påverkar kvarandre og vi ser korleis dei nådelaust vert dytta mot kanten av stupet.

I år er det 400-års jubileum for Shakespeare sin død. Barneteatret Vårt har valt å produsere ein moderne versjon av ei av dei største tragediane for å markere dette. Pop-art erstattar gamle teaterkulissar og historia utspelar seg mellom dei tre som elskar, hatar og manipulerer. Framsyninga stiller dei vanskelege spørsmåla om det å være menneske. For kven er til å stole på? Til kven kan du opna hjartet ditt? – Din beste ven? – Den du elskar? Kven hjelper deg å ta det rette valet, gå den rette vegen?

Framsyninga er den første i Barneteatret Vårt si ungdomssatsing Teatret Vårt Ung. Med Othello legg teatret til rette for å komme saman som familie eller i gruppe og reflektere over det å være menneske. Korleis påverkar vi kvarandre og korleis skaper vi gode liv? Ei annleis, universell og aktuell familieframsyning for alle frå 13 år og oppover.

 

Publisert: 13. mars 2016, 19:19