Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for desember, 2020

Vi fann 71 artiklar i dette arkivet.


Start 4H med kornbandsal

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 12. desember 2020

I dag har Start 4H hatt kornbandsal på Matkroken Todalen. Magne nytta høvet til å kjøpe ein «godbit» til småfuglane no i førjulstida. Det var Sivert Sogge og Jens Sancho Ansnes som stod for salet den første timen. Den neste timen var det Maria K. Bergli og Selma S. Gjeldnes som var seljarar. Den siste lille  timen var det Ingebrigt K. Bergli, Johan Ranes og Van Adrian Ansnes som styrte butikken. 


Oppdatering av smittesituasjonen i Surnadal kommune

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 11. desember 2020

Dei tiltaka som er sett i verk lokalt går som planlagt og kommunen held fram med smittesporinga. Kommunen håper på fleire avklaringar i løpet av laurdag, men dette avheng av kapasiteten på testlaboratoriet. Surnadal kommune presiserer at personen som har fått påvist Covid19 smitte, både er busett og tilsett i ei bedrift i Surnadal kommune. I pressemeldinga i går kveld kunne det lett bli oppfatta som om personen ikkje var busett eller arbeidde i her i kommunen. Smittetiltak er iverksett i bedrifta der vedkommande er tilsett.   


Nytt Covid19 tilfelle påvist i Surnadal kommune

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 10. desember 2020

Det dreier seg om ein vaksen person som ikkje er tilsett i Surnadal kommune. Personen er isolert og nærkontaktar er sett i karantene. Under smittesporinga har det kome fram informasjon om mogleg smittespreiing til skular. Det er så langt ikkje påvist smitte, men årstrinn smittesporinga vedkjem er stengt inntil kommunen har oversikt over situasjonen. I første omgang gjeld denne stenginga fredag 11. desember 2020.


Stor aktivitet på isen på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 10. desember 2020

Sidan det vart lagt is på Bordholmen for snart to veker sidan har det vore stor aktivitet både på og utanfor isen. Det er Knut Bergli og Finn Ranes frå Barne- og Ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag som har hovudansvaret for isprepareringa, ein jobb dei skjøttar til fulle. Ungar i alle aldrar har dei siste to vekene kosa seg med ishockey og skeiser. 


Test pågår

Jon Olav Ørsal Torsdag 10. desember 2020

Her har vi lagt ut en musikkfil som skal testes – Todalen kyrkje


Æ elske å arbeide med blomster

Jon Olav Ørsal Onsdag 9. desember 2020

Ida Bochkon er blomsterdekoratør på Hageland Surnadal, og jobbar mykje med snittblomster/bukettar og sorgbinderi i ein eigen «verkstad» inne i butikken.  Ho har godt lag med blomster, og det skal da berre mangle, for ho har fagbrev som blomstedekoratør.  Det går leikande lett å sette sammen ein flott bukett med fargerike blomster som praktisk talt lyser opp i den mørke årstida vi no er inne i.  


Nyttårskonsert med TrondheimSolistane på Surnadal kulturhus

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 8. desember 2020

Fredag 8.jaunuar kl. 19:00 kjem TrondheimSolistane til Surnadal kulturhus for å halde, sin etter kvart, tradisjonelle nyttårskonsert. I år har dei med seg sopranen Eir Inderhaug som solist. Elevar frå kulturskulane i Surnadal og Sunndal, under leiing av Synnøve Hammervold, vil opne konserten i samspel med TrondheimSolistane.  


Sjekk om du vart ein vinnar?

Jon Olav Ørsal Måndag 7. desember 2020

I dag har det vore trekkjing i den digitale basaren til Nordvik Grendalag.  Det var mange gevinstar og selt mange lodd, og  det har skapt mange vinnarar som nok er spente på om dei er komne med på trekningslista.  Vi skal ikkje halde dykk på pinebenken, så det er berre å trykke på linken «les meir» så får du sjå heile trekningslista!  Nordvik grendalag nyttar høvet til å takke alle som har bidrege med loddkjøp!


Laurdag 12.desember sel Start 4H kornband på Matkroken

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 7. desember 2020

Førstkomande laurdag, den 12.desember, mellom klokka 11:00 og 15:00 vil medlemmer frå Start 4H ha stand med kornbandsal utanfor Matkroken Todalen. Kornbanda kostar 100,- kroner. Sjølv om det så langt ikkje er snø og difor god tilgang på mat for småfuglane, så kan det likevel vere ein god ide å sette opp kornband slik at […]


Sulvatnet mellom Sulene vant månadens bilete

Mari B. Redalen Måndag 7. desember 2020

Eit flott bilete av Sulvatnet vant månadens bilete for November. Vi gratulerer til Trine Engdal Storholt. Under finn du alle bilete med i kåringa sammen med fotograf. Takk til alle som sender oss bidrag


«Minnenes melodi»: – Prima lokalhistorie frå Mosokn

Jon Olav Ørsal Måndag 7. desember 2020

For nokre veker sia kom Grete Oddny Moen Aarnes på marknaden med ei bok på eige forlag. «Minnenes melodi» hadde ho kalla boka og det er ein slags mellomting mellom minnebok og bygdebok, der Grete har skrive om oppveksten sin i Øvre surnadal, eller rettare sagt Mosokn.  Ho startar forodet i boka med å fortelje at ho har lyst til å skrive om barndomen sin og om oppveksten og opplevelsane ho hadde i Mosokn. Det er nok eit godt utgangspunkt for å få til ei god bok.


TrondheimSolistene og Nidarosdomens Jentekor avslutta Vårsøghelga

Jon Olav Ørsal Sundag 6. desember 2020

Vi kan jammen seie at TrondheimSolistene og Nidarosdomens Jentekor avslutta Vårsøghelga,eller kanskje ein heller skal seie Vårsøgåret, på ein verdig måte.  Jammen fekk vi vera vitne til ei flott førestilling i Storstua på kulturhuset søndag ettermiddag –  TrondheimSolistene og Nidarosdomens Jentekor må være noko av det ypperste vi kan bli bydd på her på traktene.