Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Oppdatering av smittesituasjonen i Surnadal kommune

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 11. desember 2020

Dei tiltaka som er sett i verk lokalt går som planlagt og kommunen held fram med smittesporinga. Kommunen håper på fleire avklaringar i løpet av laurdag, men dette avheng av kapasiteten på testlaboratoriet. Surnadal kommune presiserer at personen som har fått påvist Covid19 smitte, både er busett og tilsett i ei bedrift i Surnadal kommune. I pressemeldinga i går kveld kunne det lett bli oppfatta som om personen ikkje var busett eller arbeidde i her i kommunen. Smittetiltak er iverksett i bedrifta der vedkommande er tilsett.   

Den pågåande smittesituasjonen er ei påminning om at det er i ein ustabil situasjon no før jul. Ein ser smitteauke i fleire kommunar i Midt-Norge. Det er all grunn til å regulere sosiale aktivitetar som vi vanlegvis driv med på denne tida og gjere unna julehandelen i Surnadal. Dette vil redusere sjansane for at det må settast i verk strengare tiltak i sjølve julehøgtida.

Idrettslag og frivillige organisasjonar:

Kommunen støttar avgjerda til råka idrettslag og frivillige organisasjonar om å  avlyse planlagde aktivitetar frå og med i dag og gjennom helga.

Melding om midlertidig besøksstans ved sjukeheimen:

Surnadal kommune ønsker å vere «føre var» og innfører midlertidig besøksstans inntil smittesituasjonen lokalt er avklart. Unntak blir gjort ved akutt og alvorleg sjukdom. Besøksstansen gjeld førebels over helga og ny vurdering vil bli gjort seinast måndag.

Status for skulane:

Dersom smittesporinga ikkje påviser fleire smittetilfelle, vil skulane kunne opne for normal drift frå måndag 14.12. Alle involverte vil bli informert om status innan kl. 18.00 søndag kveld. Surnadal kommune opprettheld rådet om å halde seg mest mogleg i ro til da.

Takk til alle som står og testar og dei som testar seg:

Det er stor aktivitet på teststasjonen i dag og  mange gjer ein kjempestor innsats, for at så mange som mogleg skal få ei rask avklaring. Kommunen vil difor takke både dei som står ute og testar og dei som testar seg for godt samarbeid.

Vi kjem attende med meir informasjon så snart det er noko nytt i saka. 

Publisert: 11. desember 2020, 14:13