Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

TrondheimSolistene og Nidarosdomens Jentekor avslutta Vårsøghelga

Jon Olav Ørsal Sundag 6. desember 2020

Vi kan jammen seie at TrondheimSolistene og Nidarosdomens Jentekro avslutta Vårsøghelga,eller kanskje ein heller skal seie Vårsøgåret, på ein verdig måte.  Jammen fekk vi vera vitne til ei flott førestilling i Storstua på kulturhuset søndag ettermiddag –  TrondheimSolistene og Nidarosdomens Jentekor må være noko av det ypperste vi kan bli bydd på her på traktene.  

Anders Larsen er leiar for Vårsøghelga og kunne søndag by på ein flott konsert som avslutning på eit spesielt Vårsøgår. Foto: Jon Olav Ørsal

Konserten skulle egentleg gått i Stangvik kyrkje, som er den «offisielle» konsertkyrkja vår.  Men det sette koronasituasjonen stoppar for, og dermed vart det Storstua i kulturhuset som vart reservearena.  Det var nok eit litt amputert jentekor som kom på besøk i dag, for på grunn av koronasituasjonen måtte rundt 35 jenter bli att heime i Trondheim, fortalte dirigent Anita Brevik. Men jammen gjorde dei rundt 50 som var med ein god jobb og imponerte stort med sin korsong.

Solistar under framføring av «Julsong» – Vår Christine Sollien Skar, Selma Mogstad Leraand og mezzosopranen Astrid Nordstad. Foto: Jon Olav Ørsal

TrodheimSolistene har vi høyrt før – det er ein årviss tradisjon at dei tek turen til Surnadal med sin nyttårskonsert – det kjem dei nok til å gjera i 2021 også.  Men denne gongen var det nok eit heilt anna program dei kunne by på – nemlig programmet Julefryd med solist Astrid Nordstad.  Det er same programmet som TrondheimSolistene og Nidarosdomens Jentekor skal opptre med i Nidarosdomen 18. og 19. desember.  Vårsøgsjefen Anders Larsen fortalte at vi er utruleg heldige som kunne køyre konserten med 200 tilhøyrerer – i Nidarosdomen får dei sleppe inn berre 50 på kvar konsert – altså 100 til saman.  

Konsertprogrammet starta med «O jul, med din glede» og hadde til saman 20 varierte postar med julesongar og salmar – heilt til sluttnummeret som var «Deilig er jorden» som allsong, med både kor og orkester. Den som ikkje klarte å kome i julestemning da, trur eg faktisk vil få problemer seinare også.  – Snakk om oppleving og stemningsfull song uten sidestykke.  

Dirigent Anita Brevik hadde full kontroll på sitt manskap og kunne by på ein flott konsert med TrondheimSolistene og Nidarosdomens Jentekor. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 6. desember 2020, 18:12