Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt Covid19 tilfelle påvist i Surnadal kommune

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 10. desember 2020

Det dreier seg om ein vaksen person som ikkje er tilsett i Surnadal kommune. Personen er isolert og nærkontaktar er sett i karantene. Under smittesporinga har det kome fram informasjon om mogleg smittespreiing til skular. Det er så langt ikkje påvist smitte, men årstrinn smittesporinga vedkjem er stengt inntil kommunen har oversikt over situasjonen. I første omgang gjeld denne stenginga fredag 11. desember 2020.

  • For Øye skule gjeld dette elevar og tilsette på 5.årstrinn.
  • For Surnadal ungdomsskule gjeld dette elevar og tilsette 8.årstrinn.

For elevane på desse årstrinna vil det bli fjernundervisning denne dagen.

Kommunelegen anbefaler òg at søsken og foreldre til elevane som går på dei stengde årstrinna, er heime denne dagen. Det same gjeld for barn og ektefeller/partnar til dei tilsette. Dette er eit «føre var» tiltak som inneber at dei som blir råka av stenginga bør rette seg til karantenevilkåra. 

Vi vil sende ut ny informasjon i løpet av søndag 13.desember om kva som vil skje vidare.
Har de spørsmål, ta kontakt med eigen skule.

Føresette og tilsette er råka er informert. Vi håpar på rask avklaring i løpet av helga og at vi kan gjenopne så tidleg som mogleg i neste veke.

Saka vil bli oppdatert så snart vi har meir informasjon.

Først publisert: 10. desember 2020, 21:38 - Sist oppdatert: 11. desember 2020, 08:33