Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Minnenes melodi»: – Prima lokalhistorie frå Mosokn

Jon Olav Ørsal Måndag 7. desember 2020

For nokre veker sia kom Grete Oddny Moen Aarnes på marknaden med ei bok på eige forlag. «Minnenes melodi» hadde ho kalla boka og det er ein slags mellomting mellom minnebok og bygdebok, der Grete har skrive om oppveksten sin i Øvre surnadal, eller rettare sagt Mosokn.  Ho startar forodet i boka med å fortelje at ho har lyst til å skrive om barndomen sin og om oppveksten og opplevelsane ho hadde i Mosokn. Det er nok eit godt utgangspunkt for å få til ei god bok.

Tilsaman vart det hundre sider med artig og god lokalhistorie som er ispedd omtale og forteljingar om både foreldre, besteforeldre og søsken på Movollen, der Grete voks opp. Men det er så mykje meir som Grete har opplevd – som er formidla med ein lun og god humor som gjer boka interessant langt ut over Mosokna. 

Fornøyeleg lesning – hundre sider med gode historier og forteljingar frå barndommen og oppveksten til Grete. Foto: Jon Olav Ørsal

200 bøker som var førsteopplaget som kom ut for eit par veker sida er mesta selt ut – eit tital bøker er det att i kassen som ho viser fram.  Men det er inge grunn til panikk, for det kjem eit nytt opplag i romjula, seier Grete, som er overvelda over kor stor interesse det er for boka hennar.  Grete seier at ho har fått mange gode tilbakemeldingar på boka og det sett ho sjølvsagt stor pris på.

Grete er forresten ein habil diktar – ho har sågar gjeve ut ei eiga bok, der ho har samla eine dikt som ho har skrive over lang tid. Boka kom ut i 2019, og heiter Glimt.  Nokre av desse dikta har ho også bruka i nyboka og presiserer at ho kallar seg diktar og ikkje forfattar.  Kanskje blir ho litt begge deler no?  

Først publisert: 7. desember 2020, 05:00 - Sist oppdatert: 6. desember 2020, 19:27