Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor aktivitet på isen på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 10. desember 2020

Sidan det vart lagt is på Bordholmen for snart to veker sidan har det vore stor aktivitet både på og utanfor isen. Det er Knut Bergli og Finn Ranes frå Barne- og Ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag som har hovudansvaret for isprepareringa, ein jobb dei skjøttar til fulle. Ungar i alle aldrar har dei siste to vekene kosa seg med ishockey og skeiser. 

Kjekt med varme frå bålpanna. Foto: B G Ansnes

Då vi var innom i ettermiddag var det full aktivitet med ishockey på skeisebanen. Det var og fyrt opp i bålpanna, slik at dei vaksne, som ikkje var med på ishockey, kunne halde varmen. 

Ishockey er artig for både store og små. Foto: B G Ansnes

Så får vi håpe at gradestokken held seg under null, slik at isen ikkje forsvinn. 

Publisert: 10. desember 2020, 19:31