Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Start 4H med kornbandsal

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 12. desember 2020

I dag har Start 4H hatt kornbandsal på Matkroken Todalen. Magne nytta høvet til å kjøpe ein «godbit» til småfuglane no i førjulstida. Det var Sivert Sogge og Jens Sancho Ansnes som stod for salet den første timen. Den neste timen var det Maria K. Bergli og Selma S. Gjeldnes som var seljarar. Den siste lille  timen var det Ingebrigt K. Bergli, Johan Ranes og Van Adrian Ansnes som styrte butikken. 

Nils og Anne-Sissel Mogstad kom frå Surnadal for å kjøpe kornband. Foto: B G Ansnes

Start 4H var godt nøgd med årets kornbandsal. Dei selde totalt 60 kornband i år, så kvart på to var alle kornbanda seld og butikken måtte stenge. Tydeleg at mange tenkjer på at småfuglane òg treng litt «godsaker» i desse førjulstider, sjølv om det ikkje er snø og såleis god tilgang på mat i naturen. Men vi reknar med at kornbanda, som vart seld i dag, vil bli eit populært tilskot på menyen til småfuglane dei komande vekene.

Vaktskifte i salsbua. Foto B G Ansnes

Maten er servert! Foto: B G Ansnes

  

Publisert: 12. desember 2020, 13:18