Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for desember, 2020

Vi fann 71 artiklar i dette arkivet.


Godt utført elevarbeid på kvilebu til Kavlvegen kultursti

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 6. desember 2020

Frå prosjektleiar for Kavlvegen tursti, Anne Lise With Wullum, har vi fått ein rapport som fortel om arbeidet med å bygge ei lafta kvilebu på Åsen bygdemuseum. Dette var eit prosjekt byggteknikklinja ved Surnadal videregåande skule, saman med faglærar Johan Almås og tradisjonshandverkar Torgeir Leivdal, skulle  gjennomføre og ferdigstille våren 2020. Men så kom Koronaen og prosjektet kunne ikkje fullførast på grunn av at samfunnet vart stengt ned frå midten av mars. Difor er det Åsen bygdemuseum, der lærebedrifta Husasnotra ved Geitbåtmuseet Nordmøre Museum som har teke over arbeidet med å fullføre kvilebua. Onsdag var byggteknikklinja ved Surnadal vgs. på Åsen for å sjå på framdrifta i prosjektet, så om dei ikkje fekk fullføre prosjektet så følger dei ivrig med på arbeidet som blir gjort. Tømmeret til kvilebua kjem frå Svinvika. 


Stor aktivitet på byggefronten i Bindal

Jon Olav Ørsal Sundag 6. desember 2020

Bindalsbygg og Talgø Møretre har den siste tida opplevd stor aktivitet på byggefronten i Bindal.  På Terråk var det denne veka overlevering av Hellifossen kraftverk, der Bindalsbygg har hatt betydelege levranser gjennom samarbeidspartneren Nærøysund Entreprenør.  I Terråk sentrum er det ein 4-mannsbustad i to etasjar under bygging, og er planlagt ferdig på etterjulsvinteren. 


Etter ein halvtime kom jerven på åtet

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. desember 2020

Skal du være jervjeger og drive åtejakt, så må du ha god tid og planlegge langsiktig – og så må du være på plass når jerven kjem.  Alt dette klaffet for Stig Are Gulla på tampen av gårdagen.  Stig var ute på observasjonsrunde og for å kontrollere mårfellene han har plassert ut i går, og da såg han at det har vore aktivitet på jervåtet han har lagt ut – restane etter eit rådyr som kanskje gaupa har teke tidlegare i haust.  Rett før skyminga tok til i går ettermiddag sette han seg på post…..


Silje fekk den siste vaktheimelen for veterinærar i Surnadal og Heim

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 5. desember 2020

I førre veke vart 4 vaktheimlar for veterinærar i Surnadal og Heim kommunar tildelt. Ein av dei som fekk vaktheimel trekte seg, og i dag vart det kjent at Silje Mogstad Finstad frå Rendalen i Innlandet fylke, får den ledige vaktheimelen. Silje er oppvaksen på gard med mjølkeproduksjon. Ho har vore med som «budeie» på heimsetra om somrane og arbeidd som avløysar i ungdomsåra. Ho er difor godt kjent med mjølkeproduksjon og storfe, og ser på landbruket som sin «lidenskap» og si faglege styrke.


Årsskrift med godt og variert innhald frå Stangvik historielag

Dordi Jorunn Halle Laurdag 5. desember 2020

«I nesten 20 år hadde Østbøen og Østbødalen eit offisielt namn som ingen bruka». Første artikkelen i årsskriftet til Stangvik historielag er historia om ei heilt spesiell og interessant namnesak. Årsskriftet har eit svært variert og interessant innhald; både eldre og nyare historie og med korte stubbar, dikt, rim og regler og lengre artiklar og med innhald frå alle grendene i gamle Stangvik kommune.


Surnadal Kunstforening med «Haustlys-LOTTERI»

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 4. desember 2020

Som for så mange andre, blir òg Surnadal Kunstforening si verksemd råka av Koronasituasjonen. Med bakgrunn i dette har kunstforeninga starta eit digitalt lotteri dei har kalla «Haustlys-LOTTERI 2020». Det er mogleg å kjøpe lodd via Vipps fram til 31.desember. Trekninga skjer i løpet av veke 1 i 2021. 


Lysglimt i mørketida på Nordvik

Dordi Jorunn Halle Torsdag 3. desember 2020

Slik tida er no er, blir det heller ingen sosiale samlingar på Nordvik i adventstida 2020, alt er avlyst. Men styret i Grendalaget oppfordra sambygdingane sine til å ta på refleksvestar, gå ut på tur og legge turen om Forsamlingshuset torsdag kveld. Styret lova da «et lite lysglimt i denne ellers mørke tida».


Då landvinden kom med spanskesjuka

Guro Redalen Torsdag 3. desember 2020

Få av oss hugsar spanskesjuka, ein influensapandemi som herja i 1918-19. I årets Jul på Nordmøre har Eivind Hasle sitert frå distriktlegen i Surnadal, Torkel Arup Schive Seip, som skreiv i 1919 «Iakttagelser under influenzaepidemien», der han viser korleis smitten følgjer samferdselsvegane i kommunen, og der han mellom anna fortel ei historie frå Todalen som […]


Ein heilt uverkeleg start på dagen

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. desember 2020

Det var kommentarane til Svanhild Kvendset som oppdaga at det var eld laus i heimen hennar og ektemannen Ola.  Svanhild fortel at det var vakne tidleg, men at dei oppdaga at det var unormal røyklukt på soverommet. Svanhild stod opp og var ned i 1. etasjen og der var det meir røyk. På tur ned lofttroppa løyste røykvarslarane ut og det vart eit forferdeleg leven.


Brann på Ørmo

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 2. desember 2020

Det brenn akkurat no på Ørmo i Ørsalbukta. Bebuarane er teke hand om og flytte til eit nabohus. Det lokale brannvesenet var raskt på staden og fekk etter kvart forsterkningar frå Surnadal Brannvesen. Brannen vart fort sløkt, men blussa opp att etter ei lita stund. Brannen er no sløkt, men ettersløkking pågår. 


Koronavaksina som vi ventar på…

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. desember 2020

Vi hører rett som det er at det blir gjort framskritt og positive testresultat frå dei som driv og utviklar koronavaksine.  Vi høyrer og at regjeringa har «hengt seg på» og kjøpt vaksinar som dei skal tilbyd det norske folk heilt gratis, slik at den som vil skal få ta ei vaksine.  Det blir no forska og testa for fullt, og det er antyda at dei første dosane med vaksinar kjem ein gong utpå nyåret.  Måndag 30.11.2020 la surnadal kommune ut informasjon om korleis dette omfattande vaksinasjonprogrammet vil bli organisert og gjennomført: