Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Silje fekk den siste vaktheimelen for veterinærar i Surnadal og Heim

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 5. desember 2020

I førre veke vart 4 vaktheimlar for veterinærar i Surnadal og Heim kommunar tildelt. Ein av dei som fekk vaktheimel trekte seg, og i dag vart det kjent at Silje Mogstad Finstad frå Rendalen i Innlandet fylke, får den ledige vaktheimelen. Silje er oppvaksen på gard med mjølkeproduksjon. Ho har vore med som «budeie» på heimsetra om somrane og arbeidd som avløysar i ungdomsåra. Ho er difor godt kjent med mjølkeproduksjon og storfe, og ser på landbruket som sin «lidenskap» og si faglege styrke.

Silje er utdanna som veterinær ved NMBU Veterinærhøgskolen i Oslo. Silje er ein av tre veterinærar som er tilsett i veterinærkontoret INVet, og som alle tre no har fått tildelt vaktheimlar frå 1.jaunuar 2021. I desse dagar held Silje på å avslutte eit forskningsprosjekt om «Antibiotikaresistens hos melkekyr». Så det blir kun ein kort juleferie før ho tek til i jobben som veterinær på nyåret. 

Silje gler seg til å ta fatt på jobben som veterinær. Det er eit stort vaktområde som skal dekkast, men Silje seier ho er glad i å køyre bil, så det skal ikkje bli noko problem, avsluttar ho. 

Publisert: 5. desember 2020, 07:00