Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal Kunstforening med «Haustlys-LOTTERI»

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 4. desember 2020

Som for så mange andre, blir òg Surnadal Kunstforening si verksemd råka av Koronasituasjonen. Med bakgrunn i dette har kunstforeninga starta eit digitalt lotteri dei har kalla «Haustlys-LOTTERI 2020». Det er mogleg å kjøpe lodd via Vipps fram til 31.desember. Trekninga skjer i løpet av veke 1 i 2021. 

Det er fire kunstverk som blir lodda ut i år. Tre av dei er laga av medlemmer i kunstforeninga, medan det fjerde er laga av ei som stilte ut på «Haustlys 2019».

Kvart lodd kostar kr. 50,-. Vipps til 562243 (Surnadal Kunstforening). Hugs å skrive loddsalg og namnet ditt når du vippsar. Vinnarane blir kontakta umiddelbart etter at trekninga er gjennomført. Siste frist for å kjøpe lodd er 31.desember 2020. 

Ved å trykke på lenka «Haustlys-LOTTERI» kan du sjå kunstforeninga sin eigen plakat. 

Gevinstane kan du sjå nedafor: 

Gevinst frå Bjarne Stenberg. Foto: Surndal Kunstforening

 

Gevinst frå Jorun Kraft Moe. Foto: Surnadal Kunstforening

 

Gevinst frå Marlene Nörhave. Foto: Surnadla Kunstforening

 

Gevinst frå Kari Synnøve Moen. Foto: Surnadal Kunstforening

Publisert: 4. desember 2020, 14:10