Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årsskrift med godt og variert innhald frå Stangvik historielag

Dordi Jorunn Halle Laurdag 5. desember 2020

«I nesten 20 år hadde Østbøen og Østbødalen eit offisielt namn som ingen bruka». Første artikkelen i årsskriftet til Stangvik historielag er historia om ei heilt spesiell og interessant namnesak. Årsskriftet har eit svært variert og interessant innhald; både eldre og nyare histori, med korte stubbar, dikt, rim og regler og lengre artiklar og med innhald frå alle grendene i gamle Stangvik kommune.

Årsskrift 2020 frå Stangvik historielag er utgåve nr 13, og det er no å få kjøpt i bokhandlane i Surnadal og Sunndal, Matkroken i Todalen og Joker i Ålvundfjorden. Det kan også kjøpast av Marit Haugen og Einar Grønnes.

Den nemnde namnesaka handlar om at i år 2000 vart østbødalingane til øvstbødalingar og budde plutseleg i Øvstbødalen. Det var ein heilt ny og ukjent skrivemåte som førte til ein langvarig strid med kartverket. Eidsbyggane var 100 % einige om at dette namnet ville dei absolutt ikkje godta, og samhald og einigheit førte til slutt fram, og namnskiltet med Østbødalsvegen kunne endeleg settast opp i 2019!

Erling Myrbostad skriv om «Heimsetrene i øvre Lykkjebygda» – dei fleste er borte for lenge sidan. Erling skriv og om ein dramatisk og tragisk brann på Tellsebøen i 1838 og som til og med vart omtala Morgenbladet 24. juli 1838. Torbjørn Polden presenterer lokale historier frå andre verdskrigen – interessant lesnad. Ola Svorken skriv om aprildagane 1940 da han og familien evakuerte frå Kvanne til Øygarden på Nordvik. Men her vart det meir uro enn på Kvanne da tyske bombefly forfølgde dampskipet Saturnus som hadde søkt tilflukt i Svinvikbukta.

Arbeid på Nyvegen Stangvik – Kvanne i 1903. Foto årsskriftet til Satngvik historielag.

Marit Haugen skriv om eldhuset i Finnviktrøa; i eldhuset vart det baka, vaska klede, bryggja, koka såpe og mangt anna storarbeid. No er dei fleste eldhusa og storgrytene borte. Marit presenterer også produkt frå handarbeidstimane frå Stangvik skule; fine og nyttige produkt som vart laga for å lære ulike syteknikkar. Ho fortel og om kvileplassar langs Stangvik-vegen som vart bygd i 1903.

«Reiste til Amerika» – det er tittelen på artikkelen til Torbjørn Brøske; her et det gamle amerikabrev og bilete frå Roseau i Minnesota.

Terje Ramsøy-Halle med den gamle båtrya. Foto frå årsskriftet til Stangvik historielag.

Artig å lese om den gamle båtrya til Terje Ramsøy-Halle; båtrya var eit viktig utstyr i båten og rorbuene der fiskarane overnatta; og ho var like verdifull som ei skikkeleg mjølkarku!

I Ålvundfjorden heldt dei skulebasar i 1956. Dei trong pengar for å betale ned gjeld på filmapparat, og i heftet kan ein lesa ein artig basarprolog. Sverre Kjølstad fortel om folket frå Nausthaugen på Nordvik – ein plass som no er borte.

Frå årsskriftet til Stangvik historielag.

Det er ikkje råd å få til omtale av alle tekstene på skikkeleg vis etter eit raskt gjennomsyn; det må berre bli smakebitar. Men årets årsskrift frå Stangvik historielag er interessant med svært variert og godt innhald, det er berre å gle seg til å lese!

Dei som har redigert heftet er: Marit Haugen, Lars Steinar Ansnes, Grete Aarnes og Torbjørn Polden.

Publisert: 5. desember 2020, 01:26