Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Etter ein halvtime kom jerven på åtet

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. desember 2020

Skal du være jervjeger og drive åtejakt, så må du ha god tid og planlegge langsiktig – og så må du være på plass når jerven kjem.  Alt dette klaffet for Stig Are Gulla på tampen av gårdagen.  Stig var ute på observasjonsrunde og for å kontrollere mårfellene han har plassert ut i går, og da såg han at det har vore aktivitet på jervåtet han har lagt ut – restane etter eit rådyr som kanskje gaupa har teke tidlegare i haust.  Rett før skyminga tok til i går ettermiddag sette han seg på post…..

Stig Are Gulla satt ikkje meir enn ein halvtime på posten for jerven dukka opp på åtet. Eit velretta skot gjorde kort prosess for den store jerven på 14,5 kg. Foto: Jon Olav Ørsal

Stig har rigga seg til med jaktplass på Talgø-eigedomen, der han har fått lov til å legge ut jervåte.  Ofte må han sitte lenge utan at det er livsteikn å sjå, og enkelt gong går det fort – slik som i går kveld.  Da satt Stig Are berre ein halvtimes tid før det skjedde ting – faktisk så fort at medan han la ei vedskive inn i omnen så var jerven komen på plass på åtet.  Dermed var det berre å sikre at han fekk jerven til å snu seg rett veg, slik at han fikk godt sikte og så kom smellet – kjapt og velplassert.

Men aller først måtte Stig Are sjekke fylkesmannens jervtelefon, og forsikre seg at det var jervar att på lisenskvoten. Etter at jerven fall måtte han på same måte melde inn fangsten til jervtelefonen og etterpå ein telefon til SNO/naturoppsyn Lars Olav Lund.  SNO kontrollerer alle jervfellingar, og laurdag kom Lars Olav for å sjekke både jerven, skyttaren og omstendet rund jakta.  ID-sjekk og kontroll av den felte jerven var både omstendeleg og nøyaktig – her gjekk ikkje noko på måfå.  DNA-prøve vart sikra, saman med både mål og vekt.  Heile dyret blir no levert inn til Direktoratet for naturforvaltning som sjekkar skrotten grundig før det skrives ein rapport. 

DNA-prøve vart sikra frå jerven. Kanskje vi kan får meir info om dei 3 jervane som er felt i haust og kvar det er sikra DNA-materiale frå dei. Foto: Jon Olav Ørsal

Lars Olav skryter av Stig Are, som har alt på stell i samband med jervfellinga.  Han er etterkvart godt vant, da dette er jerv nummer 6 i rekkja – og det er faktisk hans største av alle, med utslag til 14,5 kg på vekta. Han har nok levd godt, og det er kanskje ikkje så rart at han no er i godt hald ettersom det har vore rekordstore tap for sauenæringa dei siste åra. Lars Olav fortel at det er greit å få jerven på åte på denne tida – no på denne tida leitar han opp kadaver og jaktavfall frå tidlegare og kikar innom for å sjå om dei er passe «modna» til å nytes. Stig Are er dyktig til å planlegge utlegging av åte og til å følgje med på det som skjer på åtet, seier Lund.  Det er ein nøkkel for å lykkes med åtejakta og så må ein sitte på posten når jerven kjem for å få seg ein godbit frå åta. 

Perioden for lisesjakt på jerv varer frå og med 10. september til og med 15. februar.  Det kan i den perioden fellast totalt 7. jervar innafor det beiteprioriterte området som har lisensjakt.  Det er felt ein jerv tidlegare i haust, og altså ein i går i Todalen og ein idag (laurdag) i Storlidalen. 

Vekta viser at det var ein stor hann på 14,5 kg som vart felt på Talgøeigedommen fredag ettermiddag. Foto: Jon Olav Ørsal

SNO-oppsyn Lars Olav Lund sjekkar om det jerven kan være merka med chip frå tidlegare. Foto: Jon Olav Ørsal

Sjekking av tanngarden – skikkelege saker til å partere slakt med. Det er nok ikkje middelmådige visdomstenner i jervkjeften! Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Først publisert: 5. desember 2020, 16:13 - Sist oppdatert: 6. desember 2020, 09:48