Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mars, 2016

Vi fann 81 artiklar i dette arkivet.


6. mann på plass

Elinor Bolme Torsdag 31. mars 2016

Etter vel eit år med berre fem mann i brannvesenet i Todalen, er no ein ny mann ansett og korpset er fullbemanna igjen. Anders Ansnes Karlsen er no frå 1. april klar til å rykkje ut ved brann og andre nødvendige oppdrag. For ein brannkonstabel er ikkje riktig som det var før i tida. No har brannmannskapet også ansvar for eigen hjartestartar, som er registrert hos AMK.


BBK tar sikte på seier mot Halsa

Elinor Bolme Torsdag 31. mars 2016

Fredag 15. april kl. 11.00 blir det et lokaloppgjør i Innebandy mellom Halsakameratene mot Bårdshaugen Ball-Klubb utenfor kantina på sjukeheimen i Surnadal. På begge lagene er det brukere fra sykehjemmet, dagsenteret og omsorgsboliger, skriver Folkehelsekoordinator i Halsa, Trine Kristiansen Glåmen i en epost i dag.


Folkemøtet samla mange interesserte

Jon Olav Ørsal Torsdag 31. mars 2016

Det var stor interesse for folkemøtet om kommunereforma i skulen ondag kveld. På dagsorden stord orientering om intensjonsavtalen som Surnadal kommune har inngått med Halsa kommune og Rindal kommune om å gå saman til ein storkommune frå 1. januar 2020. Det er eit år sia sist det var folkemøte for å orientere om kommunereforma, og i mellomtida har det vore mange møter, sonderingar og forhandlingar mellom kommunane på Nordmøre som til sist endte opp med berre eit reelt alternativ, eller som plan B å fortsette som eigen kommune.


Micke inspirerte store og små

Elinor Bolme Onsdag 30. mars 2016

Fullt hus og trøkk frå første åpningsminutt sette dei frammøtte til sesongkickoff i fotball-leiren i IL Søya i rett stemning i kveld. Dette er blitt den årvise kvelden der alle barne- og ungdomslag i klubben blir presentert saman med trenarar og lagledarar. I tillegg er det påspandert pizza og drikke med uhøgtidleg quiz til, som av og til an bli rett så høgtidleg. I år har klubben, saman med både Todalen og Kvass/Ulvungen rundt 110 ungar i aksjon fordelt på 8 lag, som har som mål å skape gode fotballminner.


No livnar det i lundar …..

Dordi Jorunn Halle Onsdag 30. mars 2016

Sol, landvind og mange varmegrader om natta dei siste påskedagane fekk fart på snøsmeltinga, no er det nesten bart nede i bygda. Ein ser stor forskjell frå dag til dag.


Terje Haugen takkar for seg som leiar

Elinor Bolme Onsdag 30. mars 2016

Under gårsdagens årsmøte i IL Søya vart det endringar på toppen, da leiar Terje Haugen ikkje tok gjenvalg etter fem år som lagets leiar. Ny leiar vart Ann-Elin Stenberg, førøvrig den 2. kvinnelege leiaren i idrettslagets 97. år lange historie. Ho tek over eit velfungerande idrettslag med mange gode og arbeidssomme undergrupper skriv IL SØYA på si heimeside.


Torsdag: Historielaget med årsmøte den 31. mars

Jon Olav Ørsal Onsdag 30. mars 2016

Årsmøta går «slag i slag» i dei ymse lag og foreningar. Denne gongen er det Todalen historielag som melder om årsmøte som er dagsett til torsdag 31. mars. Det skjer i todalen ungdomshus kl 19.30, og her kan du lese meir om det som skjer på årsmøtet.


Tidleg på’n…

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. mars 2016

Jon Bruset har sendt oss bilde eit bilde av kvitsymre som han hadde funne på ein lun plass i nedre del av Romålia. Han seier det er uvanleg tidleg for kvitsymre i mars månad, men er usikker på om det er nokon form for rekord for dette området. Utover veka er det meldt litt kaldare […]


Jubileumsfest for Todalen Sanitetsforening

Elinor Bolme Tysdag 29. mars 2016

Påmedingsfristen til Todalen Sanitetsforening si 100-årsmarkering nærmar seg. Bli med på ei verdig markering oppfordrar styret i arrangementskomiteen.



Feil svar gir i år 1. premie…

Elinor Bolme Tysdag 29. mars 2016

Årets påskekrim er over og vi har fått inn fleire gode forslag på løysing. Desverre var det ingen som var like djerv som frøken Bladfyk og klarte å finne løysinga som var sjølvaste ordførar Lilly Gunn Nyheim. Fleire hevda til og med at Lebrekk Bladfyk hadde teke feil!


Sesongkickoff med Micke

Elinor Bolme Tysdag 29. mars 2016

Onsdag 30. mars kl 18.30 er det klart for årets sesongkickoff for Idrettslaget Søya. Da inviterer fotballgruppa alle fotballvenner (spelarar, lagledarar, trenarar, foreldre) i Søya til eit spennande arrangement på Surnadal ungdomsskole.

Her blir det høgtidelig presentasjon av alle spelarane (med ein liten overraskelse til alle), lagledarar og trenarar.