Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Folkemøtet samla mange interesserte

Jon Olav Ørsal Torsdag 31. mars 2016

Det var stor interesse for folkemøtet om kommunereforma i skulen ondag kveld. På dagsorden stord orientering om intensjonsavtalen som Surnadal kommune har inngått med Halsa kommune og Rindal kommune om å gå saman til ein storkommune frå 1. januar 2020. Det er eit år sia sist det var folkemøte for å orientere om kommunereforma, og i mellomtida har det vore mange møter, sonderingar og forhandlingar mellom kommunane på Nordmøre som til sist endte opp med berre eit reelt alternativ, eller som plan B å fortsette som eigen kommune.

Det skal arrangerast 5 informasjonsmøte rundt om i kommunen – det første var for Bæverfjord/Bøfjorden tysdag kveld og i neste veke står Surnadal, Stangvik/Kvanne og Øvre Surnadal for tur.  I neste omgang blir det rådgjevande folkeavstemming 24. – og 25. april, før politikarane får saka på bordet i kommunestyret. I folkeavstemminga kan alle som fyller 16 år i år og oppover ta del.

Kommunereformen1_7922

Karin Halle orienterte mellom anna om fordeler og ulemper med kommunereforma. Foto: Jon Olav Ørsal

Det var Karin Halle og Råg Ranes som arienterte om saka saman med ordførar Lilly Gunn Nyheim. I orienteringa vart det belyst fordelar og ulempar med ei eventuell samanslåing og økonomien i dette så langt det er klart til no. Ordførar Lilly Gunn Nyheim ga uttrykk for at det har vore ein god tone og stor enighet i forhandlingane mellom kommunane, men samtidig vanskeleg å få til løysingar som alle kan støtte fullt og heilt. Difor sto ein til slutt att med det einaste reelle alternativet og ein underskreven intensjonsavtale mellom dei tre kommunane på ganske bestemte vilkår.

RaagRanes_7934

Råg Ranes orienterte om økonomien i kommunerefora, så langt dette er klarlagt. Foto: Jon Olav Ørsal

Uklare økonomiske vilkår og mangelfull informasjon om kva oppgåver den nye kommunen eventuelt ville få har ikkje gjort dette arbeidet lettare. Det hadde vore ein fordel om ting har vore gjort i rett rekkjefølge. Folkeavstemminga blir gjort i slutten av april. Stortingmelding om saka kjem 30. april og behandling av vilkår og kva oppgåver den nye kommunen får blir behandla i stortingen først 11. mai. Ein eventuell ny regionreform er enno ikkje tidfesta og kjem seinare.

Etter orienteringa var det høve til å kome med spørsmål og meiningsytringar. Mange hadde ordet og kan vel seie at møtelyden hadde stor forståing for at det var behov for ei kommunereform – det er tross alt over 50 år sia sist, og mykje har forandra seg i mellomtida. Kanskje blir det 50 år til neste gong. Usikkerheta om økonomien i det heile prega sjølvsagt både spørsmål og svar, da faktisk ingen sitt med fasiten her. Før folkeavstmminga blir det frå kommunen sendt ut informasjon om intensjonavtalen og meir info om kommunereforma til alle husstandar, og oppfordringa er klar: Bruk stemmeretten din!

Bilder frå folkemøtet om kommunerefora i todalen onsdag kveld.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

 

 

Først publisert: 31. mars 2016, 05:00 - Sist oppdatert: 30. mars 2016, 23:36