Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Micke inspirerte store og små

Elinor Bolme Onsdag 30. mars 2016

Fullt hus og full trøkk frå første åpningsminutt sette dei frammøtte til sesongkickoff i fotball-leiren i IL Søya i rett stemning i kveld. Dette er blitt den årvise kvelden der alle barne- og ungdomslag i klubben blir presentert saman med trenarar og lagledarar. I tillegg er det påspandert pizza og drikke med uhøgtidleg quiz til, som av og til an bli rett så høgtidleg. I år har klubben, saman med både Todalen og Kvass/Ulvungen rundt 110 ungar i aksjon fordelt på 8 lag, som har som mål å skape gode fotballminner.

Klubben brukar også å ha eit innslag der dei kan inspirere spelarar og trenarar til å gå på ein ny sesong. I år hadde dei fått med seg forsvarsspelar Micke Dorsin som har heile 401 kampar for Rosenborg, til ein uhøgtidleg prat med Knut Haugen. Her vart alt frå oppvekst til familie i både Sverige og Norge diskutert. Micke har som kjent hytte i Stangvika og kone frå Surnadal, så han er rimeleg godt kjent i området. Han kunne fortelje at han trivdes så godt her, at det nesten var synd at han ikkje oppdaga plassen før. Knut fekk ikkje lura ut nokre eksepsjonelle nyheiter om hverken klubbytte eller kommande trenarkarriere i ein eller annan toppklubb. Rosenborgspelaren bedyra at han var godt fornøgd med dagens tilværelse, på tross av både alder og litt småskadar. Hans fokus er å vere god, her og no. Og oppfordra ungane til dagleg leik og trening med ball for å bli enda betre. Den organiserte treninga er bra, men meir er betre!

Til slutt vart Micke utfordra frå eit av ungdomsborda til å ta den særegna RBK songen som han ved tidlegare anledning har vore oppsongar på, på Lerkendal. Sjå filmsnutten her: trim.842E4E53-5414-433A-BE76-5180FDA7448D

Under er eit bildegalleri frå kvelden med presentering av alle lag og litt til. Alle foto ElinorB

Publisert: 30. mars 2016, 22:17