Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Jubileumsfest for Todalen Sanitetsforening

Elinor Bolme Tysdag 29. mars 2016

Todalen sanitetsforening runda 100 år 21.januar 2016. I den anledning ønskar dei å invitere todalingar, sanitetsvener og samarbeidspartnarar til ei triveleg feiring i Todalen ungdomshus laurdag 9.april kl.14:00. Her blir det servering av snittar og eit bugnande kakebord, underhaldning av Gøran Bolme og eit inspirasjonsforedrag av Helge Gudmundsen som ei avslutning på dagen.

Gudmundsen er for mange kanskje kjend som NRKs salmegeneral etter over 20 år på radioen. Dei seinare åra har han vore trenar og mentor for det ekspsjonelle fotballaget Flatåsen Lions. Og det er på bakgrunn av frivillig arbeid han kjem med sitt foredrag.

Grunna matleveranse er det påmelding til jubileumsfesta, med blandt anna bok på Hals.

Les om Gudmundsen på Trollheimsporten frå 2011: «Rindalingen» Helge Gudmundsen

Les heile invitasjonen her: Invitasjon Todalen Sanitetsforening 100 år

nks

Ikkje berre Todalen som jubilerer. Norske Kvinners Sanitetsforeninge fyller 120 år i 2016.

Publisert: 29. mars 2016, 21:00